Jack Nitzsche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack Nitzsche
Jack Nitzsche 1.jpg
Foto: Brian Ashley White
Verkeleg namn Bernard Alfred Nitzsche
Fødd 22. april 1937
Chicago i Illinois
Død 25. august 2000
Hollywood i Los Angeles i California
Instrument Saksophone, piano
Sjanger Rock, jazz, klassisk
Aktive år 1955-2000
Yrke Komponist, arrangør, studiomusikar, plateprodusent
Tilknytt artistar Sonny Bono, Phil Spector, The Wrecking Crew, Neil Young og Crazy Horse, The Rolling Stones, Willy DeVille

Bernard Alfred «Jack» Nitzsche (22. april 193725. august 2000) var ein arrangør, produsent, låtskrivar og Oscarvinnande komponist av filmmusikk.

Han vart fødd i Chicago i Illinois og flytta il Los Angeles i 1955 med ambisjonar om å verte ein jazzsaksofonist. Han starta å jobbe med å kopiere notar då han møtte Sonny Bono, som han skreiv songen «Needles and Pins» med for Jackie DeShannon, seinare spelt av Cher, The Searchers, The Ramones og Crack the Sky.

Han vart etter kvart ein arrangør og dirigent for den viktige produsenten Phil Spector og gjorde instrumentering på songen «River Deep, Mountain High» av Ike and Tina Turner.

Utanom Spector arbeidde han nært med vestkystartistar som Leon Russell, Glen Campbell, Carol Kaye og Hal Blaine i ei gruppe kalla The Wrecking Crew. Dei fungerte som støtteband for mange popinnspelinga på 60-talet, mellom anna for The Beach Boys og The Monkees.

Då han organiserte musikk for fjernsynsprogrammet The T.A.M.I. Show i 1964 møtte han The Rolling Stones og medverka med piano på albuma The Rolling Stones, Now! (eller The Rolling Stones No. 2 i Europa), Out of Our Heads, Aftermath og Between the Buttons samt hitsinglane «Paint It Black» og «Let’s Spend the Night Together», og korarrangement for «You Can’t Always Get What You Want». I 1968 introduserte Nitzsche bandet for slidegitaristen Ry Cooder som fekk stor innverknad på stilen til bandet i perioden 1969-1973.

Nitzsche jobba så mykje med Neil Young, første gong som produsent og arrangør på Buffalo Springfield sin «Expecting To Fly», som av mange kritikarar vert rekna som ein milepåle i den psykedeliske perioden. I 1968 produserte han Young sitt sjølvtitulerte debutalbum i lag med David Briggs. Sjølv om Young varierte kraftig i stil, heldt han fram å samarbeide med Nitzsche på nokre av hans mest kommersielt suksessrike album, som Harvest. Nitzsche spelte òg elektrisk piano med Crazy Horse i 1970 og produserte debutalbumet deira (utan Young) eitt år seinare.

Sjølv om han hadde stor suksess starta han å lide av depresjonar og problem knytt til narkotikabruk. Etter han kom med skarp kritikk av Young i eit intervju i 1974, der han møtte full, vart forholdet dei to i mellom dårleg og dei samarbeidde berre sporadisk i tida etter. I 1979 vart han arrestert for vald mot kjærasten Carrie Snodgress.

Rundt same tida produserte han album for Graham Parker og Willy DeVille, og starta å konsertere seg meir om filmmusikk enn popmusikk. Etter kvart vart han ein av dei mest framtredande filmmusikkomponistane i Hollywood og vann ein Oscar i lag med Buffy Sainte-Marie for «Up Where We Belong» frå An Officer and a Gentleman frå 1982.

Han døydde i Hollywood i 2000 av hjartestans etter å hatt periodisk bronkitt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]