Jackie Charlton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jackie Charlton


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. mai 1935
Ashington
Død

10. juli 2020 (85 år)
Northumberland

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, EM i fotball 1968, EM i fotball 1988

Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen

John Charlton (8. mai 193510. juli 2020), kjend som Jack eller Jackie Charlton, var ein engelsk fotballspelar og -trenar frå Ashington i Storbritannia. Han vart verdsmeister for England i 1966, og både seriemeister, FA-cupvinnar, ligacupvinnar og to gongar Messebycup-vinnar med Leeds United. Han deltok i 629 ligakampar, fleire enn nokon annan Leeds-spelar, og skåra 70 mål. Bobby Charlton er bror hans.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jackie Charlton debuterte på Leeds United 25. april 1953, men det var fyrst hausten 1955, etter å ha gjennomført militærtenesta, han vart Leeds-spelar på rett. Dei neste 18 sesongane var han fast midtstoppar på laget, som fram til 1964 var eit ordinært klubblag i vekselvis 2. og 1. divisjon. I 1965 kom Leeds på andreplass i serien og tapte finalen i FA-cupen mot Liverpool FC etter ekstraomgangar. Også i 1966 vart Leeds serietoar, og i 1967 tapte laget finalekampane mot Dinamo Zagreb i Messebycupen. Året etter, i 1968, kunne Charlton for fyrste gong heve ein vinnarpokal då Leeds i byrjinga av mars sigra med 1-0 over Arsenal FC i ligacupen. Seks månader vann han pokal nummer to då Leeds heldt Ferencvaros til 0-0 på bortebane i Budapest i den andre og siste finalekampen i Messebycupen, heime vann Leeds 1-0.

Eit høgdepunkt for Charlton og Leeds var ligameisterskapen 1969, då laget sette poengrekord for 1. divisjon med 67 av 84 moglege poeng, og vann med heile seks poengs margin til Liverpool FC. Dei neste tre sesongane hamna Leeds på andreplass i ligaen, både i 1971 og 1972 enda laget eitt poeng bak ligameisterlaget. I 1970 måtte Leeds også sjå seg slått i FA-cupfinalen, medan laget i 1971 sigra i Messebycupen og i 1972 i FA-cupen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Charlton debuterte på det engelske landslaget i april 1965, ein månad før han fylte 30 år. Han spelte alle kampane under fotball-VM 1966 på heimebaner, som enda med VM-tittel etter siger 4-2 mot Vest-TysklandWembley stadion. Åra 1967-68 spelte han berre tre landskampar, men deltok i fleire kampar. Han var med i troppa til VM i fotball 1970 i Mexico, der han fekk vere med på 1-0 over Tsjekkoslovakia, hans 35. og siste landskamp. Seks gongar i landslagsdrakta fekk han nettkjenning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]