Jackie Brenston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jackie Brenston
Statsborgarskap USA
Fødd 15. august 1930
Clarksdale
Død

15. desember 1979 (49 år)
Memphis

Yrke låtskrivar, saksofonist, songar
Språk engelsk
Medlem av Jackie Brenston & His Delta Cats

Jackie Brenston (15. august 193015. desember 1979) var ein amerikansk R&B-songar og saksofonist som spelte i Ike Turner sitt band og medverka på det som mange reknar som den første rock and roll-songen, «Rocket 88».

Brenston var fødd i Clarksdale i Mississippi, eit viktig bluesområde. Etter militærteneste kom han tilbake til Clarksdale i 1947 og lærte å spele tenorsaksofon. I 1950 kom han med i Ike Turner sitt band, Kings of Rhythm, som saksofonist og stundom vokalist. Gruppa hadde lokal suksess og B.B. King anbefalte dei for studioeigaren Sam Phillips i Memphis. Der gjorde dei fleire innspelingar tidleg i mars 1951, mellom anna «Rocket 88», der Brenston song vokalen. Han vart òg oppgjeven som låtskrivar.

Phillips gav innspelingane til Chess Records i Chicago, som gav ut «Rocket 88» som «Jackie Brenston and his Delta Cats» i staden for å nytte Turner sitt namn. Plata gjekk raskt til topps på den amerikanske R&B-lista til Billboard og heldt seg der i over ein månad. Phillips hevda seinare at dette var den første rock and roll-plata, noko som mange andre har sagt etter han, men dette kan han sagt for å framheve seg sjølv, sidan han hadde produsert plata. Det var derimot fleire andre kandidatar til denne tittelen. Phillips nytta suksessen med «Rocket 88» til å starte Sun Records året etter.

Etter ei innspeling til skilde Brenston og Turner lag og Brenston slo seg saman med Lowell Fulson sitt band dei neste to åra. Han kom tilbake til Turner sitt band frå 1955 til 1962. Sjølv om han stundom song med bandet, gav ikkje Turner han lov til å synge «Rocket 88».

Brenston var no vorte ein alkoholikar og heldt fram å spele i lokale band. Etter den siste plateinnspelinga han medverka på med Earl Hooker i 1963, arbeida han stundom som lastebilsjåfør før han døydde i Memphis i Tennessee av eit hjarteattakk, 49 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]