Jaco Pastorius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jaco Pastorius
Weather Report (Jaco Pastorius).jpg
Jaco Pastorius med Weather Report i Convocation Hall, Toronto, 27. november 1977
Foto: Jean-Luc
Verkeleg namn John Francis Anthony Pastorius, III
Alias "Mowgli"
Fødd 1. desember 1951, Norristown i Pennsylvania
Død 21. september 1987 (35 år), Fort Lauderdale i Florida
Instrument Bass, trommer, piano, korvokal, mandocello, steeltrommer
Sjanger Jazz, jazzfusion, bigband
Aktive år 1964–1987
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, lærar
Tilknytte artistar Weather Report, Herbie Hancock, Pat Metheny, Joni Mitchell, Trio of Doom, Blood, Sweat & Tears, Word of Mouth,
Plateselskap Epic, Warner Bros., Columbia, ECM, CBS, Elektra
Nettstad www.jacopastorius.com
Kjende instrument
Fender Jazz Bass
Jaco Pastorius med Weather Report i Shinjuku Koseinenkin-hallen i Tokyo (1981)
Foto: Jun Tendo
Jaco Pastorius under ein konsert i Bologna, 1986

John Francis «Jaco» Pastorius III (fødd 1. desember 1951 i Norristown i Pennsylvania, død 21. september 1987 i Fort Lauderdale i Florida) var ein innovativ amerikansk bassist som har ei stor rolle i den nyare jazzhistoria,[1] og som blir rekna som ein av verdas mest innflytelsesrike elbassistar.

Han hadde ein spelestil som utmerkte seg med virtuose soli i det høge bassregisteret, flageolettspel i alle posisjonar og ein «syngande» tone. Frå 1979 gav han bass-solokonsertar der han stod aleine på scena. Credoet hans hans var: «Eg spelar bass som om eg spelar med menneskestemma. Eg spelar som eg snakkar.»[2][3]

Pastorius fekk diagnosen bipolar liding i 1982 og døydde i 1987 etter eit slagsmål utanfor ei skjenkestove i Fort Lauderdale.

I 1988 valde lesarane av jazztidsskriftet Down Beat Pastorius inn i Jazz Hall of Fame[4] som den einaste el-bassisten og som ein av fire bassistar totalt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomstid[endre | endre wikiteksten]

Pastorius var son av storbandsongaren og slagverkaren John Francis Pastorius II og Verna Katarina Haapala[5] og var etterkommar etter tyske, irske, finske og svenske innvandrarar.[6] Kort tid etter at han var fødd flytta familien til Oakland Park i Florida. Han gjekk på Northeast High School[7] og var ein talentfull idrettsmann, god i baseball, basketball og amerikansk fotball. Han starta òg opp si musikalske karriere[8] og spelte i fleire skoleband. Femten år gammal blei han med som trommeslagar i bandet The Las Olas Brass. Eit skada handledd gjorde det vanskeleg å spele trommer, så etter ei tid blei han erstatta av ein ny trommis samtidig som bassisten Kenny Neubauer forlèt bandet, og da skifta Pastorius instrument til elektrisk bass.[9]

På undervisningsvideoen Modern Electric Bass seier Jaco Pastorius: «Eg skada handleddet mitt da eg spelte football, noko som fekk meg til å satse på bassen.»

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Pastorius spelte med Supremes og Nancy Wilson på lokale klubbar; han spelte òg med Ira Sullivan, Wayne Cochran og Peter Graves og det førte til at han fort fekk eit namn innom musikk-klubbmiljøet i Sør-Florida. Som medlem av husbandet Bachelors III Club i Fort Lauderdale kom han i kontakt med Pat Metheny og Paul Bley. Etter nokre semester ved University of Miami blei han i 1976 sjølv jazzlærar ved Frost School of Music i same by.

I 1975/76 spelte han med jazzrockbandet Blood, Sweat & Tears. Kort tid etter var han med på opptaka til Joni Mitchell sitt album Hejira. Han gav òg ut sitt eige soloalbum, Jaco Pastorius, der blant andre Herbie Hancock medverka. Dette albumet blei nominert til to grammyprisar. I april same år blei Pastorius med i gruppa Weather Report som han var med i fram til 1982. Det var her han feira sine største triumfar.[10] Frå 1979 gav han fleire bass-solokonsertar, blant anna ved festivalen JazzFest Berlin. Frå 1981 hadde han sitt eige storband, Word of Mouth, der han kunne utfalde seg som komponist. I smågruppe-samanhang spelte han med Hiram Bullock og Kenwood Dennard, i Europa òg med Biréli Lagrène.

Misbruk og depresjonar[endre | endre wikiteksten]

Jaco Pastorius i Toronto 1977. Han spelar på «Bass of Doom», som var kjend for ein svært smal hals. Instrumentet blei stole i Central Park i New York da den bustadlause Pastorius oppheldt seg der i 1986, men dukka opp igjen i 2008.

Tidleg i karriera heldt Pastorius seg unna rusmiddel, men i tida med Weather Report byrja han å eksperimentere med alkohol, seinare kom kokain til, og forbruket auka snøgt.[11] Under turneen Word of Mouth i Japan oppførte han seg så uberekneleg at det skapte store problem for bandmedlemmane. Trommeslagaren Peter Erskine sin far, dr. Fred Erskine, antyda at Pastorius viste teikn til bipolar liding, og da dei kom tilbake frå Japan seint i 1982, fekk kona Ingrid han tvangsinnlagd på ein psykiatrisk klinikk. Dei stadfesta diagnosen og forordna litiumterapi for å stabilisere stemningssvingningane.[12]

Etter to veker klarte han å overtale personalet om å sleppe han ut slik at han fekk spele med Peter Graves. Han lova å vende tilbake, men braut løftet. I 1986 var den psykiske helsa til Pastorius blitt enda verre. Han var kasta ut frå leilegheita si i New York og levde på gatene.[13] Ingrid, som nå var eks-kona, fekk han innlagt på ny i juli 1986. På grunn av biverknadane vegra han seg mot litiumbehandling og fekk i staden tegretol.[12] Han flytta tilbake til Fort Lauderdale i desember same år og igjen levde han på gatene i veker av gongen.[13]

Død[endre | endre wikiteksten]

11. september 1987 sneik Pastorius seg ut på scena under ein Carlos Santana-konsert og blei kasta ut frå lokala. Han tok seg fram til Midnight Bottle Club i Wilton Manors, Florida[14] der han skal ha sparka inn ei glasdør etter å ha blitt nekta tilgjenge. I slåsskampen som følgde slo dørvakta, Luke Havan,[15] Pastorius så brutalt at han hamna på sjukehus med fleire brot i andletet og skadar på høgre auge og venstre arm.

Den 21. september 1987 rundt klokka 22:00, etter ni dagar i koma, døydde den 35 år gamle Jaco Pastorius av skadene.[16][10]

Havan blei skulda for forsettleg drap, men blei berre funne skuldig i uaktsamt drap. Han fekk 22 månaders fengsel, men slapp ut etter fire månader for god oppførsel.[17] Seinare sa Luke Havan at han rekna bassisten som ein aggressiv narkotikamisbrukar.

Frå det første ekteskapet med Tracy har han barna John og Mary. Ho er vokalist og frontfigur i gruppa Queen Mary. Tvillingane han i 1982 fekk med den andre kona, Ingrid, er begge musikarar: Felix Pastorius er bassist[18] og Julius Pastorius trommeslagar.[19][20]

Musikalsk betyding[endre | endre wikiteksten]

Med sin virtuose, solistisk prega spelestil omdefinerte Pastorius rolla til den elektriske bassen.[21] Han viste kva den bandlause elbassen har av moglegheiter i jazzen, og fekk dermed ein pregande betydning for den seinare jazzhistoria. Spelestilen hans, med hurtige melodiske løp og bruk av flageolettar i alle posisjonane på gripebrettet sette ein heil ny målestokk for spel på bassgitar. Gode eksempel på det revolusjonerande spelet hans kan ein høyre på «Donna Lee» og hans eigen komposisjon «Portrait of Tracy», begge på debutalbumet Jaco Pastorius (1976) eller på Joe Zawinul-låta «A Remark You Made» på Weather Report-albumet Heavy Weather (1977). Mange seinare bassistar, til dømes Marcus Miller og Victor Bailey, er influert av Pastorius. I det heile påverka Pastorius etterfølgjande bassistar så sterkt at det kan samanliknast med den betydninga Charlie Parker fekk for utviklinga av saksofonspelet i jazzen eller Jimi Hendrix for elektrisk gitar.[22] Jaco Pastorius gav i 1986 ut undervisningsvideoen Modern Electric Bass.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Soloalbumet Jaco Pastorius blei i 1977 nominert for to Grammy Awards, ein for heile albumet, i kategorien ''Best Jazz Instrumental Performance (group), den andre i Best Jazz Instrumental Performance (soloist)) for tolkinga av jazzklassikaren Donna Lee.[23] Ei ny nominering følgde året etter i klassen beste jazz-solist for prestasjonane på Weather Report-albumet Heavy Weather.[24] I kategorien Best Jazz Fusion performance, vocal or instrumental vann han saman med gruppa Weather Report ein Grammy i 1980 for live-albumet 8:30.

I 1988 valde lesarane av jazzmagasinet Down Beat han inn i «Hall of Fame».[25]

1. desember 2008, på det som ville vore Pastorius sin 57. fødselsdag, fekk ein park i heimbyen Oakland Park nytt namn: Jaco Pastorius Park.[26]

Pastorius I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Pastorius var i 1983 på Moldejazz med storbandet sitt, Word of Mouth, men han forlot scena etter berra ha spelt eit kvarter. Konserten fekk dårleg kritikk av nokre anmeldarar, som karakteriserte den som «oppstykket, tildels rotete, egosentrisk,»[27] sjølv om andre meinte konserten var god. Seinare same året lovprisa Ketil Bjørnstad den same gruppa si liveplate som blei tatt opp under konsertar i Japan, og oppsummerte med at Pastorius skapte «revolusjon med sitt temperamentsfulle gitarlignende bass-spill som dessuten også innebar en klanglig fornyelse av instrumentet. Pastorius er en polyfon musiker. Han tenker i linjer, i "horisontale" strukturer ... i et overbevisende pastoriusk sammensurium».[28]

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Album År Merknader
Jaco Pastorius 1976 Debutalbumet til Pastorius med coverversjonen av Charlie Parker sin låt Donna Lee. Blei nominert til to Grammys.[23]
Live At Berliner Jazztage 1979 Solokonsert i november 1979 på festivalen Berliner Jazztage
Word of Mouth 1981 Word of Mouth er eit storband som Pastorius var med å starte. Mit dieser nahm er die sieben Titel für dieses Album auf.[29]
Birthday Concert (live) 1981 Tatt opp hos Mr. Pip's i Fort Lauderdale på trettiårsdagen til Jaco Pastorius.[30]
Invitation (live) 1983 Albumet blei tatt opp under turneen med storbandet Word of Mouth i Japan.[31]
Live in Italy (Live) 1986 Konsert i mars 1986 med gitaristen Biréli Lagrène og trommisen Tomas Böröcz.
Honestly (Live) 1986 Solokonsert i mars 1986 i Wels i Austerrike

Studioarbeid og gjesteopptreden[endre | endre wikiteksten]

Album Artist År Merknader
Jaco Paul Bley - Pat Metheny - Jaco Pastorius - Bruce Ditmas 1974 Det første studioalbumet Jaco Pastorius medverka på.
Bright Size Life Pat Metheny 1975
All American Alien Boy Ian Hunter 1976 Bass på sju av dei åtte titlane, gitar på den åttandetittelen God [Take 1][32]
Hejira Joni Mitchell 1976 Pastorius spelar på fire av songane. Han spelte òg med Joni Mitchell på turneen etter platesleppet.[33]
Land of the Midnight Sun Al Di Meola 1976 ved sida av Stanley Clarke og Anthony Jackson
Triologue - Live Albert Mangelsdorff - Jaco Pastorius - Alphonse Mouzon 1977 Konsertopptak frå 6. november 1976 i Berliner Philharmonien
Sunlight Herbie Hancock 1977 på stykket «Good Question»
Don Juan's Reckless Daughter Joni Mitchell 1977 Bass og slagverk[34]
Trio of Doom John McLaughlin - Jaco Pastorius - Tony Williams 1979 innspelt dels i studio, dels live på Cuba, publisert i 2007
Mingus Joni Mitchell 1979
Shadows and Light (Live) Joni Mitchell 1979 Konserten blei tatt opp september 1979 i Santa Barbara County Bowl.[35]
Mr. Hands Herbie Hancock 1980 på stykket «4 AM»
Upside Downside Mike Stern 1986 på stykket «Mood Swings»
Mo' Wabasi Randy Bernsen 1986 på stykka «Swing Thing» og «Californic»
Stuttgart Aria Biréli Lagrène & Jaco Pastorius 1986 med Vladislav Sendecki, Jan Jankeje

Med Weather Report[endre | endre wikiteksten]

Album År Merknader
Black Market 1976 Pastorius er med på «Cannon Ball» og på sin eigen komposisjon «Barbary Coast».[36]
Heavy Weather 1977 To titlar av Pastorius: «Havona» og «Teen Town» (òg på trommer). Album blei nominert til ein Grammy.[24]
Mr. Gone 1978 To titlar av Pastorius: «River People» og «Punk Jazz»
8:30 (Live) 1979 Et livealbum sett saman av ulike konsertar, dei fleste frå ein konsert i Long Beach 24. november 1978.[37] Inneheld bass-soloen «Slang».
Night Passage (Live) 1980 Album inneheld musikk tatt opp under fire konsertar på to kveldar i Complex, Los Angeles.[38] «Three Views of a Secret» av Pastorius.
Weather Report 1982 Det siste Weather Report-albumet med Pastorius. Ingen komposisjonar av han.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Leksikografiske oppføringar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Josef Engels: Sag mir, wo die Bässe sind. I: Die Welt, 23. mai 2008, s. 32.
  2. Sitert i Sunrise Music: «I play bass, as if I play with the human voice. I play as I talk.»
  3. Joachim-Ernst Berendt, das jazz buch", S. Fischer, Frankfurt a.M. 1953, nytt opplag 2005; omarbeida og utvida av Günther Huesmann, side 590
  4. [http://www.downbeat.com/default.asp?sect=halloffamelist Down Beat si «Jazz Hall of Fame»-liste
  5. Information om Pastorius på websida til familien
  6. Ingrid's unofficial Jaco Pastorius cyber nest
  7. Milkowski, 2005
  8. Biografi på ei fanside
  9. Bill Milkowski: Jaco, The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius, s. 27
  10. 10,0 10,1 Reinhard Bock: In Memoriam: Jaco Pastorius 1951-1987
  11. Bill Milkowski: The Extraordinary and Tragic Life of Jaco Pastorius.
  12. 12,0 12,1 Ingrid's Jaco Cybernest; Mind II
  13. 13,0 13,1 Torn Moon 1987
  14. Stanton s. 195
  15. Jeff Stratton (2006-11-30). «browardpalmbeach.com». browardpalmbeach.com. http://www.browardpalmbeach.com/2006-11-30/news/jaco-incorporated/5/. Henta 2011-07-19. 
  16. Biografi på webside til Warner Music
  17. Broward Palm Beach News 2006
  18. Felix Pastorius
  19. Julius Pastorius
  20. Besetninga i Herrnkind
  21. Würdigung bei NRP
  22. Robert Fischer: «Anything goes» i All that Jazz. Die Geschichte einer Musik. Reclam Verlag, Stuttgart. 3., utvida og oppdaterte utgåva 2007, s. 415
  23. 23,0 23,1 http://www.jacopastorius.com/music/extras/solo_grammy.asp
  24. 24,0 24,1 Heavy Weather på den offisielle heimesida til Jaco Pasotius
  25. Biografi om Jcao Pastorius på downbeat.com
  26. Webside om Jaco Pastorius Park
  27. Ivar Moe og Knut Borge (26.7.1983). «Rotete Jaco». VG. 
  28. Ketil Bjørnstad (21.9.1983). «Elbassens fornyer». VG. 
  29. «Word of Mouth» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  30. «Birthday Concert» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  31. «Invitation» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  32. «All American Alien Boy» på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  33. [http://www.jacopastorius.com/music/essential/joni_hejira.asp "Hejira" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  34. "Don Juan's Reckless Daughter" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  35. "Shadows and Light" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  36. "Black Market" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  37. "8:30" på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  38. Night Passage på den offisielle Jaco Pastorius Homepage
  39. In diesem Holz wohnt ein ganz eigener Ton

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jaco Pastorius