Jacob Ellehammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Ellehammer

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 14. juni 1871
Vordingborg
Død

20. mai 1946 (74 år)
Gentofte

Yrke oppfinnar, faglitterær forfattar, ingeniør, flygar, urmakar
Jacob Ellehammer på Commons
Jacob Ellehammer som halemotiv på eit Norwegianfly

Jacob Christian Hansen Ellehammer (14. juni 187120. mai 1946) var ein dansk urmakar, oppfinnar, finmekanikar og flypioner.

Ellehammer arbeidde med å utvikla lette bensinmotorar for motorsyklar, men rundt 1903 byrja han å eksperimentera med ein lett motor for eit fly. Det første flyet hans var ferdig i 1905, men den første prøveflyginga vart gjort først i 1906. Desse forsøka føregjekk utan pilot. Flyet var festa med eit reip til ein påle og flyet vart styrt med liner. Flyging kunne berre føregå i sirklar.

Seinare på året vart flyet bygd om. Det fekk ein sterkare motor og ytterlegare eit vengepar vart festa til flykroppen. Den 12. september 1906 gjennomførte den 35-årige Ellehammer den første verkeleg motorflyginga i Europa. Flyet steig til ei høgd på ca. 50 cm, og landa etter 42 meters flukt. Om dette er den første flyginga i Europa er usikkert sidan franskmannen Clément Ader gjorde eit liknande forsøk 9. oktober 1890.

Totalt tok Ellehammer ut 400 patent. Ved femtiårsdagen for flyginga til Ellenhammer i 1956 kom det ut eit dansk minnefrimerke for Ellehammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på Jacob Ellehammer frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 6. oktober 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]