Jacob Arcadelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Arcadelt

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1505
Namur
Død

14. oktober 1568 (63 år)
Paris

Yrke komponist, precentor
Språk italiensk
Jacob Arcadelt på Commons
Caravaggio sitt oljemåleri Luttspelaren (versjonen som heng i Eremitasjen) les luttenisten eit musikkstykke av Arcadelt

Jacob Arcadelt (òg Jachet Arkadelt, Archadelt, Hercadelt, Arcadet eller Arcadente, òg Jacobus Flandrus[1]; fødd 1504, 1506 eller (mindre truleg) 1514; død etter 1562, kan hende 4. oktober 1568 i Paris) var ein nederlandsk komponist og kapellmeister i den flamske skolen.

Arcadelt var ein av dei førande tidlege madrigalistane, og ein av dei første som fekk songane sine på prent. Arcadelt er truleg mest kjend for madrigalane sine, sjølv om han og skreiv musikk for kyrkja. Han var verksam i både Frankrike og Italia, og vart tidleg folkekjær. Den første madrigalboka hans laut sendast ut i fleire opplag og vart spreidd over store område. Det var gjennom Arcadelts madrigalsamlingar at stilen første gongen vart kjend utanfor Italia. Arcadelt meistra og Parisar-Chansonen, etter å ha budd nokre år i Paris.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje stort om barndomen til Arcadelt, anna enn at han truleg var fødd i Brugge eller provinsen Brabant og tidleg reiste frå Flandern. Han var komen til Italia alt på 1520-talet, der han gjekk i lære hjå Philippe Verdelot, ein annan utflytt fransk-flamlendar (den første madrigalisten). I 1538 kom han til Roma og slutta seg til kyrkjekoret i Pavens kapell. Han heldt seg der dei følgjande åra, medan han skreiv og fekk prenta ikkje mindre enn fire madrigalbøker. Den første av desse kom i 45 opplag, den mest vidspreidde madrigalsamlinga i historia. (Siste gongen boka kom var i 1654).

Arcadelt heldt seg i Roma heilt til 1551, og vart mellom anna kjend med Michelangelo. To av sonettane til Michelangelo vart tonsette av han, men det er ikkje kjend at Michelangelo sette pris på tiltaket. Truleg såg ikkje bilethoggaren på seg sjølv som særleg musikalsk, og difor sa han ikkje stort om det, men Arcadelt fekk noko løn for arbeidet.

I 1551 reiste Arcadelt til Frankrike, og hadde då skrive over 200 madrigalar. Her tok han til med å skrive chansonar i fransk stil, noko han dreiv med dei siste åra han levde. I 1557 gjorde han ferdig ei samling messer, til ære for arbeidsgjevaren sin, Charles de Guise, som han tente hjå som kapellmeister. Han var og i teneste hjå to av dei franske kongane i tida.

Francois Rabelais sette Arcadelt på heidersplass mellom Clément Janequin og Claudin de Sermisy då han seinare skreiv storverket Gargantue et Pantagruel.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Arcadelt skreiv fleire hundre madrigalar og songar den tida han var verksam. Mange av desse vart trykte i Venezia, og heile rekkja er utgjeven i samleverket Corpus Mensurabilis Musica som kan finnast på Nasjonalbiblioteket. Samlinga utgjer ti band.

I Paris vart mange av songane hans utgjevne av Pierre Attaignant og Jaques Moderne. Med tida vart han utgjeven parallelt både i Paris og i Venezia.

Madrigalane hans er alle skrivne for fire stemmer. Arcadelt tok til å skrive madrigalar etter at hovudkjenneteikna for forma var lagte av Verdelot. Likevel tilførte Arcadelt eit tonespråk som gjorde songstilen attkjenneleg og folkekjær. Songane var lette å lære seg, med einfelte polyfone grep og skilje mellom homofone og polyfone bolkar. Madrigalane hans er rekna som "klassiske" innanfor stilen. Utsetjingane hans vart og overførte til instrumentalgrupper for fløyte eller strykeinstrument. Det er sagt at kvar som kunne lesa notar kunne synge songane hans.

Arcadelt skreiv mange songar til dikt av Francesco Petrarca og Pietro Bembo. Den mest kjende av madrigalane hans, Il Bianco e dolce Cigno [1], er ofte halde fram som eit særleg døme på stilen til Arcadelt.

For kyrkja skreiv Arcadelt tre messer, 24 motettar og nokre utsetjingar av Magnificat. Han skreiv og nokre religiøse songar i madrigalstil. Her syner han påverknad frå Josquin des Prez.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I pavelege rekneskapsbøker

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]