Jacob Bjerknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jacob Aall Bonnevie Bjerknes (stundom berre kalla Jack Bjerknes) (2. november 18977. juli 1975) var ein norsk-amerikansk meteorolog. Han var son til den norske meteorologen Vilhelm Bjerknes (18621951), ein av pionerane innan moderne vêrvarsling, og vart fødd i Stockholm. Morfaren hans var Jacob Aall Bonnevie.

Han var ein del av meteorologane, kalla Bergensskulen, som Vilhelm Bjerknes leia i utviklinga av modellen som forklarer danninga, forsterkinga og oppløysinga av ekstratropiske syklonar, som me kallar lågtrykk, og som introduserte konseptet om frontar, skarpe grenser mellom to forskjellige luftmassar. Dette konseptet er kjend som den norske syklonmodellen. I 1922 gav han ut artikkelen The life cycle of cyclones and the polar front theory of atmospheric circulation i lag med Halvor Solberg, der han forklarte at dynamikken i polarfronten, i lag med syklonmodellen, var den drivande mekanismen bak varmetransport mot polane i atmosfæren. For dette og anna forsking fekk Bjerknes doktorgrad ved Universitetet i Oslo i 1924. Alle vêrvarslingmodellar i dag baserer seg på ein eller annan måte på denne modellen.

Bjerknes var med som meteorolog då Roald Amundsen kryssar Arktis første gong i luftskipet Norge i 1926. I 1933 oppdaga han den atmosfæriske bølgja i samband med syklonar. I 1937 forklarte han korleis trykktendensen ved jordoverflata kunne nyttast til å føresjå utviklinga av lågtrykk.

I 1933-1934 forleste Bjerknes ved Massachusetts Institute of Technology i USA og i 1940 emigrerte han til USA der han vart leiar for ein meteorolgosik avdeling ved fysikkavdelinga på University of California i Los Angeles. Her utvikla han og nordmannen Jørgen Holmbø vidare teoriane kring trykktendensen ekstropiske syklonar.

I 1950-åra var Bjerknes ein av dei første til å føreslå bruk av rakettar, og seinare satellittar, til å ta bilete av storskala vêrsystem i atmosfæren. Same tiår byrja dei første datamaskinane å verte tilgjengeleg for meteorologisk forsking og syklonmodellen til Bjerknes vart ein viktig del av dei første nøyaktige vêrprognosane laga av ein datamatskin i 1952.

Seinare år fokuserte Bjerknes på energiutvekslinga mellom atmosfæren og havet, og særleg effekten av El Niño.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Jacob Bjerknes mottok mange utmerkingar for det banebrytande arbeidet sitt innan meteorologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]