Jacob Darre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Darre
none  Jacob Hersleb Darre
Jacob Hersleb Darre
Fødd 20. november 1757
Overhalla
Død 15. desember 1841 (84 år)
Klæbu
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Prest
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Søndre Trondhjems amt

Jacob Hersleb Darre (20. november 175715. desember 1841) var ein prest og eidsvollsmann.

Darre var fødd i Overhalla, der far hans var sokneprest. Sjølv vart han student i 1776 og cand. theol. i 1784. Han tok deretter til som personalkapellan hos far sin i Overhalla, i 1792 vart han residerande kapellan i Orkdal. I den lange perioden 1797-1833 var han sokneprest i Klæbu.

I 1814 var Darre utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll. Han tilhøyrde Sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Dagboka hans frå Eidsvoll vart seinare trykt i Historisk Tidsskrift.

Darre døydde i Klæbu i 1841.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]