Jacob K. Austbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob K. Austbø

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1856
Død

30. oktober 1925 (69 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Jacob K. Austbø på Commons

Jacob Kristensson Austbø (4. april 185630. oktober 1925) var ein norsk sildekjøpar, gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Rennesøy. Erik Austbø var bror hans.

Austbø var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han privatskule i Stavanger og på amtsskulen. Åra 1875-84 dreiv han innariks sjøfart, under sildefiska kjøpte han opp sild som han fekk salta og sidan ført til marknads. I 1885 tok han over garden Nordbø i heimbygda Rennesøy, og dreiv sidan den garden. Fram til 1892 var han også kasserar i Rennesøy Skillingsbank, sidan var han styreformann for banken i 25 år. Austbø var ordførar i Rennesøy frå 1892 til 1913, og i lengre tid forlikskommissær. I fleire år var han formann i amtsskulestyret. I 1922 vart han medlem av både ein parlamentarisk skulekommisjon, og av ein departemental skysslovkomite.

Austbø representerte einmannskrinsen Hesbø og HafrsfjordStortinget i fire påfølgjande periodar, 1910-21. I den første treårsbolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Sidan var han med i landbrukskomiteen, i tida 1916-21 som sekretær i komiteen. Alle sesjonane var han medlem av Lagtinget. Austbø kom innatt på Stortinget i 1925, då som 5. representant for Rogaland fylke. Der var han nestformann i kyrkje- og skulekomiteen til han døydde. Han var heile tida medlem av Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]