Jacob Lange (1833-1902)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Lange

Fødd12. november 1833
Stavanger kommune
Død26. mai 1902 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarAlexander Lange
EktefelleThekla Lange
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv

Jacob Otto Lange (12. november 183326. mai 1902) var ein norsk forstmann og politikar for partiet Venstre, statsråd i den fyrste Steen-regjeringa.

Lange var fødd i Stavanger, der far hans var prest, men for størstedelen oppvaksen i Asker. Sjølv studerte han forstvesen i Tyskland og var 1858-59 forstassistent på Hedemarken. Frå 1860 var han overførster ved Kongsberg sølvverk og frå 1876 styrar av skogskulen på same staden.

Kongsberg var han medlem av bystyret, ordførar 1875-76. Han var forlikskommissær 1876-91 og hadde elles mange kommunale verv.

Lange var i periodane 1877-79, 1883-91 stortingsrepresentant frå Kongsberg. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av vegkomiteen. Sidan var han 1883-87 sekretær i næringskomite nr 1, 1888 formann i same. Han var medlem av Lagtinget frå 1883, visepresident 1884 og president 1888-91. Elles medlem av valkomiteen 1883-91 og landbrukskomiteen 1889-91. 1883-84 var Lange president i riksretten mot medlemene av Selmer-ministeriet.

Lange var medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i Johannes Steen si fyrste regjering frå mars 1891 til juni 1892, då han vart sjef for revisjonsdepartementet fram til regjeringa gjekk av den 1. mai 1893.

Han vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Carl Friedrich Bøbert var svigerfar hans.

Lange døydde i Kristiania i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]