Jacob Le Maire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Le Maire

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd ca. 1585
Antwerpen
Død

31. desember 1616 (31 år)
Indiahavet

Yrke oppdagar
Språk latin
Far Isaac Le Maire
Jacob Le Maire på Commons

Jacob Le Maire (158522. desember 1616) var ein nederlandsk sjøfarar og oppdagar som mellom anna oppdaga Kapp Horn og Tongaøyane.

Le Maire var fødd i Antwerpen i Nederlanda. Han var son til Isaac Le Maire, ein rik kjøpmann med franske anar. Faren grunnla seinare Australische Compagnie, ein konkurrent til Det nederlandske austindiakompaniet.

Ekspedisjonen til Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

Le Maire og Schoutens reise

Le Maire deltok åra 1615 til 1617 saman med Willem Schouten i ei verdsomsegling. Målet med ferda var å omgå Det nederlandske austindiakompaniet sitt monopol på handel med Nederlandsk Austindia. Ein sikta på å finne ein ny veg til Stillehavet, då austindiakompaniet hadde handelsmonopol på rutene rundt Kapp det gode håp, og Magellansundet. Ekspedisjonen kom i stand på initiativ frå Le Maires far og Australische Compagnie.

Ekspedisjonen la ut frå øya Texel den 14. juni 1615 med to fartøy, «Eendracht» under Le Maires kommando, og «Hoorn» under Schouten. Dei nådde Patagonia i desember der dei stogga for å vøle fartøya, under arbeidet tok «Hoorn» fyr og brann opp.

Dei runda Kapp Horn i 1616, som dei gav namn etter Schouten sin heimby. Dei følgde seinare dei nordlege kystane av Niu Ailan (New Ireland) og Ny-Guinea og oppdaga nærliggande øygrupper som Le Maireøyane, Schoutenøyane, Admiralitetsøyane, Wallis- og Futunaøyane, samt Tongaøyane som dei fann i mai 1616. Dei nådde Java i oktober 1616 og handla krydder. I november vart dei arrestert i 'Batavia' (dagens Jakarta) for brot mot handelsmonopolet, ingen trudde på den nyfunne ruta til Stillehavet. Le Maire og Schouten vart sende som fangar heim til Europa. Le Maire døydde under reisa på veg tilbake til Amsterdam.

Etterrakst[endre | endre wikiteksten]

Isaac Le Maire gjekk til domstolane og fekk etter tre år oppreisning og kompensasjon for tapet. Jacob Le Maire skildra verdsomseglinga i dagboka si, som vart publisert postumt i Amsterdam 1622 og i 1770 av Alexander Dalrymple i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]