Jacob Stenersen Worm-Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jacob S. Worm-Müller)
Jacob Stenersen Worm-Müller

Fødd25. desember 1884
Oslo
Død12. november 1963
NasjonalitetNoreg
Områdehistorievitskap
Yrkeprofessor, historikar, politikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Dei sameinte nasjonane
Alma materBergen Katedralskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Fedrelandslaget
Norsk Kvinnesaksforening

Jacob S. Worm-Müller eller Jacob Stenersen Worm-Müller (fødd 25. desember 1884 i Oslo, død 12. november 1963) var ein norsk historikar, og son av Jacob Worm-Müller.

Han studerte i fleire år jus, og vart i 1919 dr.philos. på avhandlinga Norge gjennem nødsaarene 1807–10. Han vart dosent i historie ved Universitetet i Oslo i 1919, og professor same stad frå 1928 til 1954. Worm-Müller gav mellom anna ut Boergeneralen Christian de Wet (1902), Krisen efter Napoleonskrigene (1922), Til Norge (1946), Idéer og mennesker (1954). Han var hovudredaktør for Den norske sjøfarts historie (3 bind i 6, 1923–1951) og var redaktør for tidsskriftet Samtiden frå 1925, og frå 1943 til 1945 var han redaktør for The Norseman. Han var formann i Norges Venstrelag frå 1945 til 52 og i Nordmanns-Forbundet frå 1954 til 60.

Worm-Müller var delegat til Folkeforbundets forsamling 1926 og 1927 og deltok i San Francisco-konferansen i 1945. Han var norsk utsendig til fleire av samlinga til SN. Han var ein av dei fremste talarane i Noreg og gjorde ein viktig innsats under den andre verdskrigen, særleg i dei norske sendingane frå BBC.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dette er eit utval av noko av verka Worm-Müller publiserte.

  • Boergeneralen Christian de Wet. En skildring af Helten og hans Kampe, 1902
  • Ledende ideer i fransk historieskriving i det 19. århunderede, foredrag på norsk historikermøte 1912, i Samtiden nr. 23, 1912, opptrykt 1954
  • Norge gjennem nødsaarene. Den norske regjeringskommission 1807–1810, dr.avh. 1918
  • Christiania og krisen efter Napoleonskrigene, 1922
  • red. Den norske sjøfarts historie fra de ældste tider til vore dager, 6 bd., 1923–51
  • Til Norge. Taler og artikler gjennom krigsårene 1939–1945, 1946
  • Ideer og mennesker. Utvalgte avhandlinger, arbeider og taler, 1954
  • Etterlatte papirer i Håndskriftsamlingen, UBO

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Jacob S. Worm-Müller» av Gunnar Christie Wasberg i Store norske leksikon, snl.no.