Jacob Stang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Stang

Hans Georg Jacob Stang (17. november 18301. mars 1907) var ein jurist, embetsmann og politikar. Han var statsminister i Stockholm 1888-89. Georg Stang var sonen hans.

Stang var presteson, fødd i Nannestad. Han vart student frå katedralskulen i Christiania i 1848 og vart cand. jur. i 1852. Deretter fullmektig hos Bernhard Dunker, før han i 1859 etablerte eigen praksis som overrettssakførar på Kongsvinger. Attåt sakførargjerninga var han 1860-70 redaktør av Hedemarkens Amtstidende. Åra 1878 til 1884 var han byrettsdommar i Kristiania.

Stang vart trekt inn i politikken som medlem av regjeringa Sverdrup i 1884. Han var statsråd frå 1884 til 1889. Fyrste tida, 1884-85, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Sidan, 1885-86, var han indreminister, 1886-87 atter i Stockholm, 1887-88 justisminister og til sist Noregs statsminister i Stockholm 1888-89.

Etter regjeringsskiftet i 1889 var Stang stiftamtmann i Kristiansand og amtmann i Lister og Mandals amt til 1906.

Stang var stortingsrepresentant for Høgre frå Flekkefjord 1892-94. Han var medlem av Lagtinget samt gasje- og pensjonskomiteen.

Han vart i 1885 av kongen utnemnd til riddar av St. Olavs orden, 1891 forfremja til storkors «for fortjenstlig Embedsvirksomhed». Stang var 1888-89 kanslar for St. Olavs orden. Han var også innehavar av storkors av Dannebrogordenen og storkors av Nordstjerneordenen.

Kjelder og litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacob Stang