Jacob Sverdrup Smitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacob Sverdrup Smitt

Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 18356. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann.

Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 187685, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.

I tre periodar (18741882) representerte han Tromsø, og byane i FinnmarkStortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.

Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.