Jacob Wilhelm Nordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Møllergata 19 i Oslo.
Foto: Kjetil Ree

Jacob Wilhelm Nordan (23. februar 182411. april 1892)[1] var ein norsk arkitekt som arbeidde innan historismen og teikna ei mengd norske bygg på siste halvdel av 1800-talet, mellom dei nær 100 kyrkjer.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Nordan var fødd i København i Danmark, men flytte til Noreg allereie som unge. På 1840-talet var han i murarlære i Oslo (dåverande Christiania) samstundes med at han var elev på Den kongelige tegneskole under Johannes Flintoe, Christian Heinrich Grosch og Johan Henrik Nebelong. Han vart tilsett som assistent hjå Nebelong og arbeidde som byggeleiar mellom anna på Oscarshall. Han studerte så ved Kunstakademiet i København frå 1852–55 og tok ein svært god eksamen.[1]

Eigen arkitektpraksis i Oslo[endre | endre wikiteksten]

I 1856 etablerte han seg med eigen arkitektpraksis i Oslo. Han vart òg tilsett som lærar ved Den kongelige tegneskole. Etter den store brannen i Oslo i 1858 teikna han ei rekkje bygardar, mellom dei Karl Johans gate 14, Storgata 14, Storgata 13 og Møllergata 9. Han teikna mellom anna også villaar, skular, ein brannstasjon og kyrkjer i Oslo. Det mest kjende bygget hans er truleg hovudpolitistasjonen i Møllergata 19 og arkaden ut mot Youngstorget.[1]

Kyrkjearkitekten[endre | endre wikiteksten]

1800-talet var ei tid med flittig kyrkjebygging over heile Noreg. Kyrkjedepartementet nytta styret ved Den kongelige tegneskole som konsulentar for kyrkjeprosjekta som kom inn, og Nordan var fast konsulent for departementet i åra 1869–86. Han teikna 96 norske kyrkjer, og er med det den største norske kyrkjebyggjaren av alle.[1] Kyrkjene hans har gjerne nygotisk form med ei enkel utføring.[2] Mange av trekyrkjene hans er i sveitserstil medan murkyrkjene er i tysk teglsteinsgotikk.[2]

Kyrkjer teikna av Nordan er å finne over heile landet, frå Hersvik kyrkje i Solund i vest til Kong Oscar IIs kapell i Grense Jakobselv i aust, og frå Honningsvåg kyrkje i nord til Barbu kyrkje i Arendal i sør.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Jacob Wilhelm Nordan var far til arkitekten Victor Nordan og farfar til arkitekten Per Nordan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacob Wilhelm Nordan