Jacob van Ruisdael

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob van Ruisdael

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 1628
Haarlem
Død

10. mars 1682, 14. mars 1682, 14. juni 1682 (53 år)
Haarlem

Yrke kunstmålar, grafikar, landskapsmålar, raderer, grafikar, teiknar
Språk nederlandsk
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Haarlem Guild of St. Luke
Far Isaack van Ruisdael
Signatur
Jacob van Ruisdael på Commons

Jacob Izaackszoon van Ruisdael (ca 162814. mars 1682) var ein nederlandsk landskaps- og marinemålar, som ettertida har oppvurdert til å vere ein sentral målar innanfor landskapsmåleriet.

Mylna ved Wijk, 1670
Landskap med fossefall, 1668

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Om barndom og oppvekst er lite sikkert kjent. Ruisdael vart medlem av målarlauget i Amsterdam i 1658 og fekk borgarskap til byen i 1659. I år 1681 vart han send tilbake til Haarlem, då han var for fattig til at byen Amsterdam ville ta på seg å forsyrgje han. Året etter døydde han på fattighuset i Haarlem.

Ruisdal vert i dag rekna som ein av dei finaste landskapsskildrarane nokon gong. Hans poetiske stemningsskildring og plastiske framstilling av landskap framstår som en egen klasse. Den samtidige landsmannen, Meindert Hobbema, låg på omtrent same nivå, men var meir avgrensa når det gjaldt element i bileta.

Motiva henta Ruisdael frå dei næraste omlandet, og frå ei reise som gjekk til det tyske grevskapet Bentheim. Han såg då eikeskog og små fossefall, noko som kom med i måleria hans som små, men viktige element. Signaturem hans finst på ca. 450 bilete. Nokre av desse kan vere av Hobbema, då det er funne ein del av seinare påførte («justerte») signaturar. Bileta til Ruisdael omfattar også marine motiv og byprospekt.

Han prøvde seg også med raderingar. Desse verkar å ha selt dårleg, mange av dei finst berre i eitt einaste eksemplar.

Måleriet Landskap er i samlingane til Nasjonalmuseet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jacob van Ruisdael