Jacobsen Bight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacobsen Bight
bukt
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°25′S 36°50′W / 54.417°S 36.833°W / -54.417; -36.833
Kart
Jacobsen Bight
54°25′00″S 36°50′00″W / 54.4167°S 36.8333°W / -54.4167; -36.8333
Jacobsen Bight is located in Antarktis
Jacobsen Bight (Antarktis)

Jacobsen Bight er ei bukt på sørkysten av Sør-Georgia mellom Larvik Cone og Cape Darnley. Namnet «Sukkertoppbukta» vart nytta av Olaf Holtedahl i 1929 for heile kysten mellom Cape Darnley og Sandefjord, som var nedteikna på kartet hans som éi bukt. Namnet «Zuckerspitzenbucht» vart nytta for den nordvestlege av to bukter på same kysten av Ludwig Kohl-Larsen i 1930. South Georgia Survey, 1951–52, kartla kysten i detalj og stadfesta at det var to bukter. Sidan namnet som kjem frå Mount Sugartop er mistydande (fordi fjellet ikkje er særskild dominerande ved bukta) og ingen av dei eksisterande namna var i bruk lokalt, foreslo UK Antarctic Place-Names Committee i 1957 eit nytt namn. Jacobsen Bight er kalla opp etter Fridthjof Jacobsen (1874–1933), som arbeidde med Compañía Argentina de Pesca i Grytviken, 1904–21, og som seinare vart nestleiar i selskapet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jacobsen Bight». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jacobsen Bight» (innhald frå Geographic Names Information System).