Jacopo da Bologna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacopo da Bologna
Statsborgarskap Kyrkjestaten
Fødd Italia
Død

14. hundreåret

Yrke komponist
Språk italiensk
Jacopo da Bologna på Commons

Jacopo da Bologna (fødd kring 1315 i Bologna i Italia, død kring 1386 i Aragon i Spania) var ein italiensk komponist innan Trecento, ein periode stundom kalla italiensk ars nova. Han var ein av dei første komponistane i denne gruppa og levde samstundes med Gherardello da Firenze og Giovanni da Firenze. Han konsentrerte seg hovudsakleg om madrigalar, både kanoniske (caccia-madrigal) og ikkje-kanoniske former, men komponerte òg ein kvar av caccia, lauda-ballata og motett (Marrocco 1954, 14–16, 27–28; Fischer og d'Agostino 2001).

Settinga hans av Non al suo amante, skriven kring 1350, er den einaste kjende samtidige settinga av diktinga til Francesco Petrarca (Petrobelli 1975; Fischer og d'Agostino 2001).

Idealet til Jacopo var «suave dolce melodia» (melodiske, reine melodiar) (Fischer og d'Agostino 2001). Jacopo komponerte på ei tid då fleirstemte teknikkar var i startgropa. Musikalsk syner han ei klår stilmessig utvikling gjennom åra, der han utviklar og raffinerer handverket sitt. Dei tidlege madrigalane, hovudsakleg tostemte, består av «primitiv» fleirstemt song, og dei trestemte verka hans frå denne perioden er i beste fall uutvikla med to stemmer i parallell rørsle over tenoren. Seinare syner han langt større kontroll med meir sofistikerte fleirstemte verk. Stemmene er meir balanserte og sjølvstendige. Han gjev òg større merksemd til forma på heile stykket.[1]

Han godt representert i Squarcialupi Codex, den store samlinga med musikk frå 1300-talet som Medici-familien eigde. 29 av komposisjonane hans finst i denne kjelda, som er hovudkjelda for musikk frå den italienske ars nova, i lag med musikk av Francesco Landini og andre (Marrocco 1954, 6). Her finn ein òg eit portrett av Jacopo.

I tillegg til komposisjonane sine skreiv Jacopo òg ein kort teoretisk avhandling, Questa è l'arte del biscanto misurato (Jacopo da Bologna 1933; Marrocco 1954, 146–55), som er påverka av franske notasjonsteori (Fischer og d'Agostino 2001). Han kan òg ha vore aktiv som diktar (Fischer og d'Agostino 2001).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av artikkelen bygger på «Jacopo da Bologna» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
  • Fischer, Kurt von. 1973. "'Portraits' von Piero, Giovanni da Firenze und Jacopo da Bologna in einer Bologneser Handschrift des 14. Jahrhunderts?" Musica Disciplina 27: 61–64.
  • Fischer, Kurt von. 1988. "Drei unbekannten Werke von Jacopo da Bologna und Bartolino da Padova?" In Miscelánea en homenaje a Monseñor Higinio Anglés. 2 vols. Edited by Miguel Querol, et al., 1:265–81 Barcelona: Consejo Superior de Investigaciones Cientificas, 1958-61. Reprinted in Studi musicali 17: 3–14.
  • Fischer, Kurt von og Gianluca d'Agostino. 2001. "Jacopo da Bologna". The New Grove Dictionary of Music og Musicians, ed. S. Sadie og J. Tyrrell. London: Macmillan.
  • Jacopo da Bologna. 1933. L' arte del biscanto misurato secondo el Maestro Jacopo da Bologna, edited by Johannes Wolf. Regensburg: Bosse.
  • Marrocco, W. Thomas. 1954 The Music of Jacopo da Bologna. University of California Publications in Music 5. Berkeley og Los Angeles: University of California Press, 1954. (Appendix C is an English translation of Jacopo's treatise)
  • Marrocco, W. Thomas (ed.). 1967. Italian Secular Music, by Magister Piero, Giovanni da Firenze, Jacopo da Bologna. Polyphonic Music of the Fourteenth Century 6. Monaco: Éditions de l'Oiseau-Lyre.
  • Petrobelli, Pierluigi. 1975. "'Un leggiadretto velo' ed altre cose petrarchesche", Rivista Italiana de Musicologia 10:32–45.
Andre kjelder
  1. Natalie Boisvert. «Jacopo da Bologna». Allmusic. Henta 30. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

http://www.hoasm.org/IIIA/Jacopo.html