Jacques-Édouard Alexis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacques-Édouard Alexis

Jacques-Édouard Alexis (fødd 21. september 1947 i Gonaïves) er ein haitisk politikar. Han var statsminister i Haiti frå 1999 til 2001, og frå 2006 til 2008, då han vart avsett grunna opprør.

Han er utdanna som landbruksingeniør, og har hatt ei rekkje jobbar på ulike universitet. Han har dessutan også hatt ulike ministerpostar under president René Préval.

Alexis vart utpeika som statsminister av Préval 16. juli 1998, etter at tre tidlegare framlegg hadde vorte avviste. Han vart fyrst godkjend av senatet 15. desember 1998, og deretter av deputertkammeret to dagar etterpå. Prosessen vart vidare forlenga av at opposisjonen kravde plassar i regjeringa, men 11. januar 1999 kunngjorde Préval at han ville gå forbi nasjonalforsamlinga og danne ei regjering gjennom eit dekret.[1][2] Opposisjonspartia skulda Préval for å ha gjennomført noko i retning av eit statskupp, og såg på Alexis som ein urettmessig statsminister.[1][3] Alexis var statsminister frå 26. mars 1999 til 7. februar 2001.

Préval vart på nytt vald til president i februar 2006, og han nominerte igjen Alexis som statsminister 17. mai 2006, tre dagar etter at han hadde vorte innsett som president.[4] Nominasjonen gjekk gjennom nesten utan klager av både senatet og deputertkammeret, og Alexis og regjeringa hans vart sett inn 9. juni 2006. Måla hans for perioden var mellom anna å få på plass att tryggleiken i landet og grunnleggjande tenester til innbyggjarane.[5]

Kritikk av den økonomiske politikken til Alexis førde i februar 2008 til ei mistillitsavstemning, men det var ikkje fleirtal for at han skulle gå av.[6] Tidleg i april 2008 braut det ut opprør grunna høge matprisar, og Alexis kunngjorde eit investeringsprogram som skulle gjere levekostnadene lågare.[7] 10. april vart det kjent at 16 senatorar (eit fleirtal, ettersom Det haitiske senatet har 30 medlemmer) hadde skrive under på eit brev der dei rådde Alexis til å gå av i løpet av to dagar. Senatet gjorde deretter, 12. april, eit vedtak om at han skulle fråtre stillinga si, der alle 16 senatorane som var til stades stemde for.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]