Jacques-Laurent Agasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett med hest
Landing ved Westminster-brua, 1818

Jacques-Laurent Agasse (24. april 176727. desember 1849) var ein sveitsisk dyre- og landskapsmålar. Han var fødd i Geneve, levde og arbeidde i Storbritannia i lang tid, og døydde i London.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Agasse var fødd og oppvaksen i Geneve, der faren var kjøpmann. Han fekk si fyrste kunstutdanning på ein teikneskule i heimbyen, 'Ecole de dessin d'après nature'. År 1786 reiste han til Paris for å utdanne seg vidare i atelieret til Jacques-Louis David. Han studerte dyreanatomi og dissekering på veterinærskulen og på naturhistorisk museum. Under den franske revolusjonen reiste han tilbake til Geneve. Mellom dei tidlege verka hans finn ein silhouettmåleri i stilen til Jean-Daniel Huber.

Den nubiske giraffen, ca. 1827

Agasse vart kjend med den rike briten George Pitt, og reiste med han til Storbritannia. Der oppdaga han den engelske målarkunsten. Heimkomen til Geneve, arbeidde Agasse saman med ungdomsvenene Firmin Massot og Wolfgang-Adam Töpffer. I fellesskap måla dei rikt broderte og livlege landskap, der kvar av dei måla dei delane dei var best på; dyr, menneske, landskap (td. Der Pferdemarkt in Gaillard). Saman med Massot og Töpffer høyrde Agasse, på overgangen mellom den 18, og 19. hundreåret, til mellom dei viktigaste føregangsmennene for den såkalla Genfer-skulen.

År 1800 etablerte Agasse seg i London som dyremålar. Han var snart kjend for sine framstillingar av hestar og hundar. Han måla ville og eksotiske dyr òg, som han studerte i London Zoo. Frå 1801 til 1845 stillte han regelmessig ut i Royal Academy of Arts. Eit av hans fremste verk er Das Gestüt von Lord Rivers in Stratfield Saye (omkring 1806). Han laga også sjangermåleri, mellom anna frå Themsen, og illustrete biologibøker. I sine seinare år måla han også portrettmåleri.

Agasse, som var ugift, levde av kunsten sin, men vart aldri rik av han. Han døydde i London i 1849.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacques-Laurent Agasse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]