Jacques Piccard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Piccard

Fødd28. juli 1922
Brussel
Død1. november 2008
La Tour-de-Peilz
NasjonalitetSveits
Områdeoseanografi
Yrkeoppfinnar, ingeniør, oppdagar, oseanograf
Alma materUniversitetet i Basel
Université de Genève
BarnBertrand Piccard

Jacques Ernest Jean Piccard (fødd 28. juli 1922 i Brussel i Belgia, død 1. november 2008 i La Tour-de-Peilz i Sveits) var ein sveitsisk oseanograf, djuphavsforskar, oppdagar og ingeniør. Han er kjent for å ha utvikla undervassfartøy som vart nytta for å utforske havstraumane.

Don Walsh og Jacques Piccard i batyskafen USS Trieste.

Han var ein av to personar som så langt (2011) har vore på det djupaste punktet i havet, 10 916 meter nede i Challengerdjupet i Marianergropa. Saman med den amerikanske løytnanten Don Walsh, tok han seg dit den 23. januar 1960 i undervassfartøyet USS «Trieste». Bragda vart på denne tida rekna som eit ledd i det teknologiske kappløpet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.[1]

Han var son av forskaren Auguste Piccard og far til psykiater Bertrand Piccard.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Jacques Piccard og Robert S. Dietz: Seven Miles Down, Putnam, 1961
  • Jacques Piccard: The Sun Beneath the Sea, Scribner, 1971. ISBN 0684311011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. VG - STORMAKTSKAPPLØP om havdypet (09.02.1960 - Side: 7) «Det ser altså ut til at stormaktenes kappløp om å erobre verdensrommet skal få sin parallell i kappløpet om erobringen av de store havdyp.»