Jacqui McShee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacqui McShee spelar med Pentangle under BBC Radio 2 Folk Awards i 2007

Jacqueline 'Jacqui' McShee (fødd 25. desember 1943) er ein engelsk songar. Sidan 1966 har ho vore medlem av Pentangle, eit jazzpåverka folkrockband.

McShee sin musikalske karriere starta som visesongar i britiske viseklubbar i midten av 1960-åra.[1] Etter å ha arbeidd med John Renbourn var ho med på å danne Pentangle.[1]

Pentangle utvikla seg raskt til eit av dei første britiske folkrockbanda. I tillegg til å trekkje til seg fans frå tradisjonell britisk folkmusikk, hadde dei og eit publikum innan rock, pop og psykedelisk folk.[2] Det originale bandet spelte i blanding av balladar, blues og jazz, ofte i same musikkstykke.

I 1994 danna McShee eit nytt band kalla Jacqui McShee's Pentangle som framleis spelar i dag.[1]

I 1995 spelte McShee som studiomusikar, i lag med ektemannen, trommeslagar Gerry Conway, på albumet Active in The Parish av visesongaren David Hughes. Det vart av magasinet Q kåra til Årets album.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Harris, Craig. «Jacqui McShee Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p104758/biography. Henta 4. februar 2011. 
  2. Unterberger, Richie. «Pentangle Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p2101/biography. Henta 4. februar 2011.