Jaeger Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaeger Hills
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 75°30′S 65°40′W / 75.500°S 65.667°W / -75.500; -65.667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Jaeger Hills
75°30′00″S 65°40′00″W / 75.5°S 65.6667°W / -75.5; -65.6667
Jaeger Hills is located in Antarktis
Jaeger Hills (Antarktis)

Jaeger Hills er ei gruppe åsar og nunatakar, med høgder opp mot 1 000 moh og som går 26,5 km frå nordaust til sørvest mellom Matthewsbreen og McCaw Ridge ved Orville Coast i Palmer Land i Antarktis. Åsane vart kartlagde av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi av U.S. Navy, 1961–67. Dei vart vitja i 1977–78 av eit geologisk lag frå USGS, leia av Peter D. Rowley og kalla opp etter offiser James W. Jaeger i US Navy, som var befalshavande i Antarktis 1977–78, og pilot på eit fly som støtta USGS-laget.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jaeger Hills». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jaeger Hills» (innhald frå Geographic Names Information System).