Jaffa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jaffa (hebraisk Yaffo, arabisk يافا, Yafa) er ein del av den israelske kommunen og tettstaden Tel-Aviv-Jaffa. Byen er ein hamneby ved Middelhavet, som har vakse saman med byen Tel Aviv. Jaffa har ei lang soge, og vert nemnd fleire gonger i Bibelen.

Semittiske segner knyter det opphavlege Jaffa til Noa sin son Jafet, medan ei gresk segn knyt byen til Jopa, ei dotter av Eolius.

Gamlebyen i Jaffa vart delvis øydelagd under den britiske mandatperioda for Palestina, og forsvann seinare heilt ved nedriving og nybygging. Den kristne arabiske folkesetnaden er vorte mykje redusert sidan 1948.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jaffa