Jakamarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jakamarar


Rusthalejakamar(Galbula ruficauda)
Rusthalejakamar
(Galbula ruficauda)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galbuliformes
Familie: Galbulidae

Jakamarar, Galbulidae, er ein familie som lever Sør-Amerika og Sentral-Amerika nord til Mexico. Dei 18 artane er nærmast relatert til dovenfuglar og saman dannar dei ordenen Galbuliformes. Generelt er dette låglandsfuglar, dei fleste med habitat i skog eller i randsona av skog, gjerne i lauvtaket.

Jakamarar er små til mellomstore fuglar frå 14 til 34 cm lange og veg mellom 17 og 75 g. Dette er skinnande elegante fuglar med langt nebb og lang stjert. I utsjånad og åtferd kan dei minne om bietarar i «den gamle verda», men som dei fleste insektetarar som fangar insekt i lufta har bietarar tendens til å ha korte breie nebb i motsetnad til lange tynne hos jakamarar. Beina er korte og svake, og føttane har første og fjerde tå bakovervendt. Fjørdrakta er ofte lys og svært glinsande, sjølv om nokre artar har meir kjedeleg drakt. Det er mindre kjønnsbaserte ulikskapar i drakta, hannane har ofte ein kvit brystflekk som hoene manglar.

Jakmarar er insektetarar og tar ulike bytte i lufta, mange spesialiserer seg på sommarfuglar og møll. Fuglane kan sitte stille og åtake byttet når det er nært nok. Storjakamar er atypisk ved at han plukkar stillesittande insekt og dessutan tar små øgler og edderkoppar.

Det finst få grundige studiar av hekkevanar til jakamarar. Ein trur dei generelt er monogame, sjølv om nokre få artar organiserer seg i samarbeidande hekking kor fleire vaksne deler plikter. Fuglane er hòlerugarar med reir enten i bakken eller i termittuer i skogshabitat. Dei som hekkar i jorda gjer det vanlegvis i elvebreidda eller i vegkantar. Dei kan òg grave hòl ved opprivne røter i nedfallsskog. Ved elvebreiddene kan hekkinga somme tider vere i lausare koloniar. Storleiken på kulla varierer frå eitt til fire egg, begge foreldra medverkar i ruginga. Til skilnad frå spettar så er ungane kledde med dunfjør når dei vert klekte.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Jacamar frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]