Jaki Liebezeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaki Liebezeit

Fødd26. mai 1938
FødestadDresden i Tyskland
Død22. januar 2017 (78 år)
DødsstadKöln
FødenamnHans Liebezeit[1]
OpphavTyskland
Aktiv1961-2017
SjangerKrautrock, electronic, frijazz
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarManfred Schoof, Can, Brian Eno, Phantomband, Jah Wobble, Phew, Philip Jeck, Depeche Mode, Bernd Friedmann
Verka somMusikar

Jaki Liebezeit (26. mai 193822. januar 2017)[1] var ein tysk trommeslagar og truleg mest kjend som ein av musikarane som starta Can. Han er blitt kalla «ein av få trommeslagarar som på overtydande vis kan blande det som er funky med det som er intellektuelt».[2]

I midten av 1960-åra var han medlem av kvintetten til Manfred Schoof, som var tidlege eksponentar for europeisk frijazz.[3]

Han flytta seg så mot dei nye høva som opna seg med psykedelisk musikk som medlem av Can. Tromminga hans var ein viktig del av stilen til bandet, særleg på songar som «Halleluhwah» på Tago Mago. Liebezeit er mest kjend for den eksepsjonelle «metronom-stilen» hans og dei andre medlemmane i Can har sagt at han høyres ut som «halvt menneske, halvt maskin».

I 1980 vart han medlem av Phantomband,[3] og har danna tromme-ensemble som Drummers off Chaos og Club off Chaos.[3] Seinare har han spelt med mange andre musikarar, som Jah Wobble[3] og Philip Jeck, Depeche Mode på albumet Ultra og Brian Eno på albumet Before and After Science. I nyare tid har han arbeidd med Burnt FriedmanSecret Rhythms og SchillerAtemlos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jon Pareles, «Jaki Liebezeit, Influential Drummer for Can, Dies at 78», New York Times, henta 26. mai 2017 
  2. «Jeff Norman's website». Uwm.edu. 23. september 1999. Arkivert frå originalen 30. april 2009. Henta 4. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Biography at Spoon Records». Spoonrecords.com. Arkivert frå originalen 19. februar 2008. Henta 4. mars 2013.