Jakob Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. august 1856
Dverberg
Død

30. november 1914 (58 år)

Yrke fiskar, fyrvaktar, politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Jakob Peter Helmer Andersen (22. august 185630. november 1914) var ein norsk fiskar, fyrvaktar og stortingsmann frå Dverberg i Nordland. Han var medlem av Venstre.

Andersen var son til ein fiskar og husmann. Etter å ha vore fiskar nokre år, var han frå 1878 busett i Berlevåg i Finnmark. Der arbeidde han som oppsynsmann og arbeidsformann for telegrafvesenet. I 1887 gjekk han tilbake til fiskeria, frå 1896 med eigen båt. Frå 1897 budde han i Honningsvåg.

Andersen fekk stipend til å studera fiskeri i Danmark i 1902. I 1909 fekk han stilling i fyrstellet, arbeidde fyrste åra ved Ytterøyane fyr i Sunnfjord, frå 1913 var han fyrvaktar på Røværsholmen fyrstasjon.

Andersen var medlem av Tana heradsstyre, seinare av Kjelvik skule- og fattigstyre. Valbolken 1903-06 var han 2. representant på Stortinget for Finmarkens amt. I den neste perioden, 1906-09, representerte han einmannskrinsen Vest-Finnmarken. Han var medlem av næringskomite nr. 1 i den fyrste stortingsperioden, i den andre av næringskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]