Jakob J. Myklebust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob J. Myklebust
Fødd9. november 1851
Breim kommune
Død28. april 1922 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1886–1888)
  • ordførar i Gloppen (1884–1886)
  • ordførar i Breim (1886–1913)
  • vararepresentant til Stortinget (1883–1885)
  • stortingsrepresentant (1889–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1900–1903)
  • vararepresentant til Stortinget (1906–1909) Sjå dette på Wikidata

Jakob Jakobsson Myklebust (9. november 185128. april 1922) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsrepresentant frå Breim i Gloppen.

Myklebust gjekk i yngre år på ein privatskule driven av Jakob Hjelmeset i Gloppen. Frå 1879 var han gardbrukar på farsgarden på Myklebust i Breim. Han var medlem av kommunestyret frå 1875, ordførar i Gloppen kommune frå 1884 til 1886. Deretter vart han den fyrste ordføraren i den utskilde Breim kommune, eit ombod han hadde frå 1886 til 1913.

I perioden 1886-91 representerte Myklebust Nordre BergenhusStortinget. Han høyrde til Venstre og var 1886-88 medlem av tollkomiteen, siste perioden var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen. I Breim fekk han tilnamnet «Stortings-Jakob», han var vararepresentant til Stortinget i tre periodar. 1906-09 var han 1. varamann frå Nordfjord krins og møtte då på Stortinget i 1907 frå 8. juli, og i 1908 i tida 27. mai-30. juni.

Medan han sat på Stortinget fekk han i stand ei løyving på 5000 kroner til ein bygdeveg i heimbygda Myklebustdalen. Vegen er i dag fylkesveg 693, eller Myklebustvegen.[1]

Myklebust etablerte Myklebust meieri i 1876, det fyrste meieriet i Nordfjord.[2] Han spela ei sentral rolle då meieriet på Byrkjelo vart gjenoppretta kring år 1900.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Minnestein om vegen til Myklebustdalen i Breim». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005. Henta 8. september 2008. 
  2. «Småmeieria i Gloppen og Breim». NRK. Henta 8. september 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]