Jakthund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puddel er opphavleg ein jakthund som apporterte vilt frå vatn.

Jakthund viser til brukshundar som hovudsakleg er avla fram til å driva jakt saman med jegerar. Det finst ei rekke hunderasar som blir brukte til jakt, både for fuglejakt, småviltjakt og storviltjakt. I Noreg vert ein jakthund definert som ein hund det er lovleg å nytte til jakt på artar det er tillete å jakte på.

Mellomalderkvinner jaktar hjortedyr med hundar og pil og boge.

Hundar kan brukast til jakt på ulike måtar. Dei kan finna og peika ut vilt for jegeren, anten stille eller med lyd. Hundar kan jaga og fella vilt sjølv, anten i flokk, i koppel eller åleine. Nokre jakthundar er utvikla for å springa raskt etter bytte, medan andre er små og kan koma seg inn i tunnelar og gangar der byttedyr held til. Apporterande hundar hentar bytte etter at det er skote.

Mange hundetypar har namn etter byttet dei har vore brukt til å jakta, til dømes elghund, harehund og grevlinghund (dachs).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jakthund