Jama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For elva i Russland, sjå Jamaelva.
Hovudet til ein hinduisk statue av Jama.
Statue av Jama i Angkor.

Jama er dødsguden og herskaren over dødsriket i hinduismen og i buddhismen. I gamle vediske myter var han den første i verda som døydde. Dette vesenet finst som Jima i parsisk mytologi, og er blitt likna med Ymir i norrøn gudetru.

Tibetansk bilete av Jama.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Jama er ein skremmande gud som rir på ein bøffel og held eit tau som han bruker til å dra sjelen ut frå kroppen med. Han blir gjerne framstilt med skremmande, forvridd ansikt, svart, raud eller grøn hudfarge, og kan ha mange par armar som han held våpen i.

Han er ein av dei fire vernande lokapalaene, og vaktar retninga sør. Ugla og dua og to hundar med fire auge, sonar av Sarama, skal vera sendeboda hans.

Innan buddhismen blir Jama ofte framstilt som den som held livshjulet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mykje er uklart rundt bakgrunnen til Jama, og det finst mange ulike legender om han som motseier kvarandre. Han skal vera son av morgongudinna Saranya og skaparguden Vivasvat. I nokre soger er solguden Surya far hans, men i andre er dei brør. Jama kan òg bli rekna som ein aditya, ei gruppe solgudar, som er barn av Aditi og Kasyapa.

Rigvedaen fortel om tvillingane Jama og Jami at dei var dei første menneska. Jami ønska å ligga med broren sin og få barn, men han avviste henne fordi det er gale. For å koma bort frå henne oppdaga han dødsriket, og blei dermed den første i verda som døydde. Den tilsvarande soga frå den parsiske Avestaen fortel derimot at Jima og søstera var dei første menneske, og faktisk fekk barn med kvarandre. Også i seinare puranaer blir Jami skildra som kona til Jama, og ikkje søstera — men han er framleis den første som døyr. Jama vitjar likevel søstera si ein gong i året. Dette blir feira som jamadvitiya eller bhaidudj under dipavali.

Oppgåver og oppførsel[endre | endre wikiteksten]

Jama har i oppgåve å dømma dei døde; om dei skal få koma til himmelen (Svarga) eller må pinast i helvete (Naraka). For å finna ut dette les gudehjelparen Tsjitragupta opp syndene ein nyleg død person har gjort, og Jama kjem med ei passande straff — gjerne ei pinefull ei, som å kokast i olje eller brennast med eld. Etter å ha sona straffa er sjela klar til å koma til himmelen eller bli gjenfødd på jorda.

Guden er ofte framstilt som den som hentar dei som skal døy. Han er frykta, men opptrer òg i fleire soger der han blir overtalt eller lurt til å la nokon som er meint å døy leva lenger — til dømes i dipavalilegenda om korleis han blei blenda av lys, slik at han ikkje klarte å ta livet til ein kongsson slik skjebnen hans eigentleg var. Bhagavata purana fortel om korleis Jama ikkje fekk dømma syndaren Adjamila fordi han sa namnet til Visjnu akkurat då han døydde.

Jama er svært rettvis og kunnskapsrik, og har tilnamnet Dharmaradja, 'dharmaherskaren'. Kathaupanisjaden fortel om korleis Natsjiketa, ein ung gut som let seg ofra til guden, får kunnskap om meininga med livet og kva som skjer etter døden, og i tillegg får livet sitt tilbake.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]