James Callaghan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Callaghan

Leonard James Callaghan, (27. mars 191226. mars 2005) var ein britisk politikar. Han representerte det britiske Arbeidarpartiet (Labour), og var statsminister i Storbritannia frå 1976 til 1979. Callaghan er den einaste som har vore både finansminister, innanriksminister, utanriksminister og statsminister i Storbritannia. Han var fødd i Portsmouth i Hampshire, og døydde i Ringmer i East Sussex.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Parlamentsmedlem[endre | endre wikiteksten]

Frå han var sytten år gammal arbeidde James Callaghan i skatte-etaten, i ymse posisjonar. I åra 1942-45 var han sjømann i den britiske flåten i Indiahavet. Det vart så påvist han lei av tuberkulose og han vart dimittert frå krigsteneste. I 1945 vart han vald til å representere valkrinsen Cardiff South i det britiske parlamentet, han slo den sitjande kandidaten frå det konservative partiet med stor margin. Callaghan tufta valkampen sin på saker som rask demobilisering og eit program for bygging av nye husvære.

Callaghan vann tidleg tillit mellom medrepresentantane i Labour. I alle år mellom 1951 og 1964 sat han i partiet sitt skuggekabinett. Etter partileiaren Hugh Gaitskell døydde i januar 1963, melde Callaghan seg på i kampen om å verte ny leiar for Labour. Sjølv om han fekk støtte frå framståande medlemer på høgrefløya i partiet, enda han opp som nummer tre av kandidatane. Den venstreorienterte Harold Wilson vann til sist over George Brown.

Finansminister og innanriksminister[endre | endre wikiteksten]

Åra 1964-67 var Callaghan finansminister i den første Wilson-regjeringa. Storbritannia sleit då med store underskot på handelsbalansen og valutaspekulasjonar mot det britiske pundet. Callaghan møtte desse med mellom anna å auke kommunalskatten og med å skattleggje gevinstane av valutahandel. Den økonomiske og finnansielle krisa Storbritannia varte likevel ved. Heilt til det siste nekta han for at pundet ville verte devaluert. Pundet vart devaluert hausten 1967, eit stort nederlag for både statsministeren og finansministeren. Callaghan vart tvungen til å trekke seg som finansminister. Han heldt fram i regjeringa som innanriksminister. I perioden som innanriksminister forhandla han om medlemskap for Storbritannia i EEC (EU). Han var òg ansvarleg for avgjerda om å sende britiske troppar til Nord-Irland, då konflikten mellom folkegruppene der auka på.

Utanriksminister og statsminister[endre | endre wikiteksten]

Callaghan vart utnemnt til utanriksminister då Wilson-regjering nummer to tiltredde i mars 1974. Hovudsaka i hans utanriksminister-tid var å reforhandle vilkåra for Storbritannias medlemskap i EEC. I april 1976 tok han over som statsminister då Wilson brått trekte seg frå posten. Desse åra var prega av økonomiske vanskar. I 1977 inngjekk arbeidarpartiet ein avtale med det liberale partiet og eit par småparti for å kunne behalde regjeringsmakta. Etter dette styrkte Callaghan stillinga si, mellom anna gjennom ein betra økonomi i landet og relativ ro på arbeidsmarknaden.

Streikar gjennom vinteren 1978-79, den såkalla winter of discontent, førte til at Callaghan vart den første statsminister i Storbritannia sidan 1924 som vart tvinga til å skrive ut val til underhuset. Ved valet i mai 1979 tapte arbeidarpartiet valet, og kandidaten til det konservative partiet, Margaret Thatcher, tok over posten som statsminister.

Siste åra i politikken[endre | endre wikiteksten]

James Callaghan gjekk av som leiar for Labour i september 1980. Etter dette hadde han liten innverknad på partiet sin politikk. Han hadde sete i underhuset fram til valet i 1987, då hadde han site 42 år i parlamentet.