James Craig Watson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei 22 asteroidane James Craig Watson oppdaga
79 Eurynome 14. september 1863
93 Minerva 24. august 1867
94 Aurora 6. september 1867
100 Hekate 11. juli 1868
101 Helena 15. august 1868
103 Hera 7. september 1868
104 Klymene 13. september 1868
105 Artemis 16. september 1868
106 Dione 10. oktober 1868
115 Thyra 6. august 1871
119 Althaea 3. april 1872
121 Hermione 12. mai 1872
128 Nemesis 25. november 1872
132 Aethra 13. juni 1873
133 Cyrene 16. august 1873
139 Juewa 10. oktober 1874
150 Nuwa 18. oktober 1875
161 Athor 19. april 1876
168 Sibylla 28. september 1876
174 Phaedra 2. september 1877
175 Andromache 1. oktober 1877
179 Klytaemnestra 11. november 1877

James Craig Watson (28. januar 183822. november 1880) var ein kanadisk-amerikansk astronom fødd i landsbyen Fingal i Ontario. Familien hans flytta til Ann Arbor i Michigan i 1850.

Då han var 15 år gamal vart han teke opp ved Universitet i Michigan, der han studerte klassiske språk. Seinare fekk han lektyrar i astronomi av professor Franz Brünnow.

Han var den andre direktøren på Detroit-observatoriet (frå1863 til 1879), og tok over etter Franz Brünnow. Han skreiv tekstboka Theoretical Astronomy i 1868.

Han oppdaga 22 asteroidar. Oppdagingane hans starta med 79 Eurynome i 1863. Ein av hans asteroideoppdagingar, 139 Juewa, vart gjort frå Beijing der Watson var for å observera venuspassasjen i 1874. Namnet Juewa vart valt av kinesiske embetsmenn Pīnyīn (瑞華, i moderne pīnyīn, ruìhuá).

Han var sterk i trua på at planeten Vulkan eksisterte, ein hypotetisk planet med ein bane nærare Sola enn den til Merkur som ein no veit at ikkje eksisterer (det finst likevel framleis ein liten sjanse for at vulkanoide-asteroidande ekisterer). Han meinte han hadde sett to slike planetar under ei solformørking i juli 1878 frå Wyoming.

Han døydde av bukhinnebetennelse ved ein alder på 42. Han hadde fått tak i ein større sum pengar gjennom ikkje-astronomiske aktivitetar. Desse pengane gjekk etter hans død til James Craig Watson-medaljen, ein medalje som vert delt ut kvart tredje år av National Academy of Sciences for bidrag til astronomien.

Asteroiden 729 Watsonia vart namnsett til minne om han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]