James F. Byrnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James F. Byrnes
none
Fødd 2. mai 1882
Charleston i Sør-Carolina
Død 9. april 1972 (89 år)
Columbia i Sør-Carolina
Verv Høgsterettsjustitiarius i USA (1941–1942)

Utanriksminister i USA (1945–1947)
Senator for Sør-Carolina (1931–1941)
Guvernør i Sør-Carolina (1951–1955

James Francis Byrnes (2. mai 18799. april 1972) var ein amerikansk statsmann og politikar frå delstaten Sør-Carolina. Byrnes var medlem i Representanthuset i USA for Sør-Carolina i perioden 1911–1925, senator for same delstat i perioden 1931–1941, domar i høgsteretten i USA i perioden 1941–1942, utanriksminister i perioden 1945–1947 under Harry S. Truman, og guvernør i Sør-Carolina i perioden 1951–1955.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

James Francis Byrnes var fødd og voks opp i Charleston i Sør-Carolina med mor si, ein syar av irsk-amerikansk (og dermed katolsk) bakgrunn. Faren hans var døydd kort tid etter at Byrnes blei fødd. Som fjortenåring forlét han St. Patrick's Catholic School for å arbeida ved eit advokatkontor, og blei seinare rettsstenograf. I 1903 var han blitt utlært skrankeadvokat.

I 1906 gifta han seg med Maude Perkins Busch og blei medlem i Den episkopalske kyrkja. Dei hadde ingen born.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1910 vann James Byrnes ein knapp siger i primærvalet til demokratane for Kongressen i det tredje valdistriktet i Sør-Carolina, eit trygt sete for demokratane. Byrnes viste talent for å danna avtalar og koalisjonar i bakgrunnen. Han arbeidde hardt for vegbygging på 1920-talet.

Under tida si i husa til Representanthuset hadde Byrnes eit nært samarbeid med dåverande president Woodrow Wilson. Han hadde seinare òg eit nært samarbeid med president Franklin D. Roosevelt, som han òg fekk eit personleg venskap til. Byrnes vart rekna som ein av dei mektigaste innan amerikansk innanriks- og utanrikspolitikk på 1940-talet. Etter at han hadde forlate høgsterettsdomstolen i 1942 leidde han Roosevelts Office of Economic Stabilization, som hadde som føremål å kontrollera inflasjonen. I 1943 vart han òg leiar for Office of War Mobilization, som skulle tilpassa den amerikanske økonomien til krigstilhøva. På grunn av den store tydinga si og nære samarbeid med presidenten vart Byrnes kalla for «assisterande president».[1]

I 1944 var Byrnes nær ved å bli utnemnt til visepresident i USA, men møtte motstand frå fagforeiningane fordi han vart rekna som for konservativ. Det talte òg imot han at han hadde konvertert frå katolisismen til protestantismen, og at han var imot raseintegrering, noko som gjorde at han var dårleg likt av den svarte folkesetnaden. Det kunne verke som om Roosevelt lét, eller oppfordra, leiarane i det demokratiske partiet til å spreie ryktet om at Byrnes ville møte motstand frå svarte og katolikkar sidan presidenten ikkje ville ha han.[2] I staden vart Harry S. Truman valt til å bli Roosevelt sin visepresidentkandidat. Byrnes følgde likevel Roosevelt til Jaltakonferansen tidleg i 1945.

Gruppebilde av (frå venstre) Clement Attlee, Harry S. Truman og Josef Stalin sitjande, William Daniel Leahy, Ernest Bevin, James F. Byrnes og Vjatsjeslav Molotov ståande.
Byrnes om fred i ein del av ei filmavis frå 1946.

Etter at Truman vart utnemnt til ny president, peika han ut Byrnes til utanriksminister den 3. juli 1945. Truman hadde forståing for at Byrnes var skuffa over at han sjølv hadde vore så nære presidentposten, og Truman gav uttrykk for at det var grunnen til at han gav Byrnes posten som utanriksminister.[3] Andre grunnar til at Byrnes vart utnemnt kan ha vore den framskotne plassen hans i innarikspolitikken i fleire år, og dessutan at han hadde delteke under Jaltakonferansen. Byrnes deltok òg ved Potsdamkonferansen, og spelte ei viktig rolle i avgjerda om å ta i nytte atombomber mot Japan mot slutten av andre verdskrigen.

Relasjonane hans til Truman var dårlege i byrjinga av perioden hans, sidan Byrnes ynskte å styre utanrikspolitikken på eiga hand utan å informere eller rapportere til presidenten. Truman gav han ein reprimande etter Byrnes si deltaking ved utanriksministerkonferansen i Moskva i slutten av 1945, og etter dette fungerte tilhøvet tilsynelatande godt.[4] I 1946 vart Byrnes utnemnt til Årets person av magasinet Time. I januar 1947 sa han frå seg stillinga si som utanriksminister som følgje av spenningar innan trumanadministrasjonen. Etter dette var han guvernør i heimstaten Sør-Carolina i perioden 1951 til 1955, der han i kraft av stillinga si kritiserte avgjerda til høgsteretten i Brown mot skulestyret. På 1960-talet braut Byrnes med det demokratiske partiet og gjekk over til det republikanske partiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Duncan Wallace, South Carolina: A Short History (University of North Carolina Press: Chapel Hill, 1951) p. 677.
  2. Ferrell, Harry S. Truman: a Life, side 165; A Little Touch of Harry, TIME Magazine.
  3. Ferrell, side 236.
  4. Ferrell, side 236-239.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abraham, Henry J. (1992). Justices and President sin: A Political History of Appointments to the Supreme Court (3rd ed.). New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-506557-3. 
  • Cushman, Clare (2001). The Supreme Court Justices: Illustrated Biographies, 1789–1995 (2nd ed.). (Supreme Court Historical Society, Congressional Quarterly Books). ISBN 1568021267. 
  • Ferrell, Robert H., Harry S. Truman: a Life (1995) ISBN 0-8262-1050-3
  • Frank, John P. (1995). Friedman, Leon; Israel, Fred L.. eds. The Justices of the United States Supreme Court: Their Livast and Major Opinion sin. Chelsea House Publishers. ISBN 0791013774. 
  • Hall, Kermit L., ed (1992). The Oxford Companion to the Supreme Court of the United States. New York: Oxford University Press. ISBN 0195058356. 
  • Martin, Fenton S.; Goehlert, Robert U. (1990). The U.S. Supreme Court: A Bibliography. Washington, D.C.: Congressional Quarterly Books. ISBN 0871875543. 
  • Urofsky, Melvin I. (1994). The Supreme Court Justices: A Biographical Dictionary. New York: Garland Publishing. ss. 590. ISBN 0815311761. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James F. Byrnes