James FitzJames, 1. hertug av Berwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James FitzJames, 1. hertug av Berwick

Fødd21. august 1670
FødestadMoulins
Død12. juni 1734
DødsstadPhilippsburg
Rangmarskalk av Frankrike
EiningBritish Army, Den franske hær
KonfliktarDen store tyrkiske krigen, Niårskrigen, Den spanske arvefølgjekrigen, Kvadrupelalliansekrigen, Den polske arvefølgjekrigen
AdelstittelDuke of Berwick

James FitzJames, 1. hertug av Berwick (21. august 167012. juni 1734) var ein fransk offiser, og den uekte sonen til kong Jakob II av England av Arabella Churchill, syster til 1. hertug av Marlborough. I 1695 gifta han seg med Honora de Burke, dotter til William Burke, 7. jarl av Clanricarde og enka etter 1. jarl av Lucan, som døydde i 1698. Det andre ekteskapet hans, med Anne Bulkeley, dotter til Henry Bulkeley, fann stad i 1700.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

FitzJames var fødd i Moulins i Frankrike før faren tok over trona, og voks opp som ein katolikk. Han vart utdanna ved Collège du Juilly, Collège du Plessis og Jesuittcolleget i La Flèche. Han gjekk inn i teneste for hertug Karl V av Lorraine og var til stades under omleiringa av Buda. FitzJames vart gjort hertug av Berwick, jarl av Tinmouth og Baron Bosworth av faren i 1687.[1] Han reiste så til Ungarn og deltok i slaget ved Mohács.

Berwick kom attende til England og vart gjort guvernør i Portsmouth. Kong Jakob gjorde han så til Riddar av the Garter, men på grunn av invasjonen til prinsen av Orange og den påfølgjande den ærerike revolusjonen, fann denne innsetjinga aldri stad. Åre etter vart Jakob styrta og Berwick reiste i eksil med han, og tok ein aktiv del i det irske felttoget, inkludert slaget ved the Boyne. Etter faren enda eksilperioden sin, tente Berwick i den franske armeen. Han kjempa i slaga ved Steenkerque og Landen. I det sistenemnde vart Berwick teken til fange, men vart byta for hertugen av Ormonde.På grunn av støtta til faren og tenesta i den franske armeen mot England, vart han dømd til tap av borgarrettane sine i 1695, og mista den britiske adelsrangen.

Filip V av Spania gjer James Fitz-James til medlem i adelskapen i Frankrike, etter slaget ved Almanza.

Som soldat var Berwick kjend for motet, dugleiken og integriteten sin. Etter god teneste i den spanske arvefølgjekrigen vart han utpeikt til fransk marskalk etter eit suksessrikt tokt mot Nice i 1706. Den 25. april 1707 vann Berwick den store og avgjerande sigeren i Almanza, der ein engelskmann leia den fransk-spanske armeen til siger mot Ruvigny, ein franskmann som leia den engelsk-portugisisk-nederlandske armeen. Etter Almanza vart Berwick gjort til Duc de Fitz-James i adelskapen i Frankrike av Ludvig XIV, og Duque de Liria y Xérica og løytnant av Aragon av Filip V av Spania. Den siste store hendinga i den spanske arvefølgjekrigen var storminga av Barcelona av Berwick, etter ei lang omleiring, den 11. september 1714.

Ikkje lenge etter vart Berwick militærguvernør i provinsen Guienne, der han vart vener med Montesquieu. I 1718 måtte han igjen gå inn i Spania med ein arme, denne gongen måtte han kjempe mot Filip V (kvadrupelalliansekrigen). Mange år med fred følgde dette felttoget, og Berwick vart ikkje kalla ut i teneste att før i 1733. Det året vart han vald ut til å leie armeen ved Rhinen i den polske arvefølgjekrigen og klarte å omleire Kehl i 1733, men vart halshogd av ei kanonkule i omleiringa av Philippsburg den 12. juni 1734.

Berwick hadde born i begge ekteskapa sine. Etterkomarane hans var dei franske Ducs de Fitz-James og spanske Duques de Liria og seinare hertugar av Alba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: James FitzJames, 1. hertug av Berwick
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: James FitzJames, 1. hertug av Berwick