James Francis Edward Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Francis Edward Stuart

James Francis Edward Stuart eller Stewart (10. juni 16881. januar 1766) var den jakobittiske tronpretendenten til den skotske og engelske trona frå 16. september 1701 til han døydde. Stewart vart ofte kalla The Old Pretender. Jakobittane refererte til han som Jakob III av England og Jakob VIII av Skottland.

Han var son av Jakob II av England (Jakob III av Skottland), som vart avsett som konge av Vilhelm III av England. Han gjorde derfor krav på tittelen som konge av England, Skottland og Irland då faren døydde i 1701. Han vart då mellom anna anerkjend som den rettmessige kongen av Ludvig XIV av Frankrike, syskenbarnet hans. Då han døydde vart sonen Charles Edward Stuart, òg kalla Bonnie Prince Charlie og The Young Pretender, den jakobittiske tronpretendenten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]