James Franck
| James Franck | |
| Fødd | 26. august 1882 Hamburg i Det tyske keisarriket |
|---|---|
| Død | 21. mai 1964 (81 år) Göttingen i Vest-Tyskland |
| Institusjonar | Universitetet i Berlin University of Göttingen Johns Hopkins University University of Chicago |
| Alma mater | University of Heidelberg Universitetet i Berlin |
| Kjend for | Franck-Condon-prinsippet Franck-Hertz-eksperimentet |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1925) Rumfordmedaljen (1955) |
James Franck (26. august 1882–21. mai 1964) var ein tysk-fødd fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med Gustav Hertz «for oppdaginga deira av lovene som regulerer verknaden av eit elektron på eit atom».[1] Høyreapparatet representerte eit praktisk bruksområde av dei forskingsresultata Franck fekk Nobelprisen for.
Franck studerte i Heidelberg og Berlin (under Paul Drude og Heinrich Rubens) og vart løna med ein doktorgrad i 1906. I 1911 vart han dosent i fysikk i Berlin, i 1981 medlem av Kaiser-Wilhelms-Institut für physikalische Chemie og i 1920 professor i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Göttingen. Etter at nazistane tok over makta flytta han til USA etter eitt års opphald hos Niels Bohr i København, og vart der ein del av Manhattanprosjektet.
Francks mange arbeid innan atomfysikken omfatta mellom anna undersøkingar rundt dei spenningane som må til for ioniseringa av hydrogenmolekylet, saman med Gustav Hertz i 1913. Dei omfatta òg dei atoma som gjennom elektronstøyt framkalla modifikasjonene som syner seg gjennom fluorescensspektrum.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «James Franck» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nobelprisen i fysikk 1925 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.