James Tobin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

James Tobin (5. mars 191811. mars 2002) var ein USA-amerikansk økonom.

Tobin vart fødd i Champaign i Illinois. Han vart uteksaminert frå Harvard University, arbeidde som økonomisk rådgjevar for regjeringa til John F. Kennedy, og underviste i mange år ved Yale University. I 1981 fekk han Nobelprisen i økonomi for forskninga si på finansmarknadene.

Tobin talde for og utvikla ideane i keynesiansk økonomi. Han meinte at styresmaktene burde gripe inn i økonomien for å halde sysselsetjinga og produksjonen stabil, og for å hindre resesjonar.

Namnet til James Tobin er særleg knytt til omgrepa Tobins Q og «Tobin-skatten». Det sistnemnde er ein skatt på valutatransaksjonar for å gjera kapitalen mindre mobil. ATTAC og andre anti-globaliseringsrørsler er sterke forkjemparar for ein slik skatt, sjølv om deira versjon av skatten er ein del endra i forhold til framlegget frå Tobin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]