Jamie Muir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jamie Muir (fødd i Edinburgh i Skottland) er ein skotsk målar og tidlegare perkusjonist, mest kjend for arbeidet sitt med King Crimson.

Muir gjekk på Edinburgh College of Art i 1960-åra og byrja å spele jazz på trombone[1] før han slo seg ned med perkusjon.[2]

Etter han flytte til London arbeidde Muir med koreografen Lindsay Kemp,[1] og var aktiv i fri improvisasjon, mellom anna i lag med Derek Bailey og Evan Parker i Music Improvisation Company frå 1968–1971. Muir nytta ofte objet trouvé, «funne lekamar», som ein del av perkusjonsinstrumenta sine. I denne perioden spelte han òg i bandet Boris med Don Weller og Jimmy Roche (begge seinare i jazz-rock-bandet Major Surgery) og Assagai med Alan Gowen og andre.

Muir var medlem av King Crimson frå midten av 1972 til tidleg i 1973. Med King Crimson spelte Muir stundom vanlege trommer, men medverka oftare med forskjellige uvanlege lydar og perkusjonsinstrument. Muir spelte på albumet Larks' Tongues in Aspic i 1973 og sidan er det gjevne ut fleire konsertopptak som han deltek på. King Crimson-fiolinst/klaverspelar David Cross sa «Me lærte alle særs mykje av Jamie. Han var verkeleg ein katalysator for bandet i starten og opna opp nye område for Bill [Bill Bruford, den «vanlege» trommeslagaren i bandet] samt at han påverka resten av oss.»[3]

I 1972 valte Muir å starte eit tilvære som munk, der han følgde dei strenge prinsippa i buddhismen. Han forlet King Crimson brått i 1973 for å slå seg ned i eit kloster i Skottland. Den britiske pressa rapporterte derimot at han hadde slutta i bandet fordi eit perkusjonsinstrument hadde falle på foten hans og skada han under ein konsert med bandet.

I 1980 vendte Muir attende til musikkmiljøet i London med Evan Parker og Derek Bailey. Muir har sidan trekt seg heilt bort frå musikkindustrien og byrja å måle.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Jamie Muir enters the stroll syndrome». Rubberneck (10/11): 23. ISBN 09526609. 
  2. «The Talking Drum – A Jamie Muir Interview». Elephant Talk. 1991-92. http://www.elephant-talk.com/wiki/Interview_with_Jamie_Muir_in_Ptloemaic_Terrascope. Henta 12. juni 2012. 
  3. Chapter Six: King Crimson III and Brian Eno
  4. Interview with Jamie Muir in Ptloemaic Terrascope – ETWiki