Jan Åge Fjørtoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Åge Fjørtoft
Personleg informasjon
Kallenamn Fjøra
Fødd 10. januar 1967
Fødestad Ålesund
Posisjon Angrepsspelar
Ungdomsklubbar
Gursken
Hødd
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986–1987
1988–1989
1989–1993
1993–1995
1995–1996
1996–1998
1998–1999
1999–2001
2001
2002
Noreg HamKam
Noreg Lillestrøm
Rapid Wien
Swindon
Middlesbrough
Sheffield United
Barnsley
Tyskland Eintracht Frankfurt
Noreg Stabæk
Noreg Lillestrøm
0440(17)
0330(20)
01280(67)
0720(28)
0410(9)
0340(19)
0340(9)
0510(14)
0150(6)
050(0)
Landslag
1986-1996 Noreg 0710(20)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jan Åge Fjørtoft (fødd 10. januar 1967 Ålesund) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er eigentleg frå Gursken i Sande kommune i Møre og Romsdal. Han var ein målfarleg spelar som har spelt for ei rekkje forskjellige klubbar i Noreg, Austerrike, England og Tyskland. Han spelte 71 landskampar for Noreg, der han var kaptein i 15 av dei og skåra 20 mål.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jan Åge Fjørtoft jobba i ei periode som ekspertkommentator for NRK, men slutta då han vart manager for Lillestrøm Sportsklubb i august 2004. Då han var manager for LSK (Lillestrøm Sportsklubb, jobba han òg ved sidan av som programleiar i TV3. I slutten av 2006 var han i ei periode trenar for Lillestrøm saman med Frode Grodås og Erland Johnsen. Han var trenar etter at Uwe Rösler gjekk av, til Tom Nodlie tok over. I den perioden spelte klubben seks (6) kampar i Royal League, tre (3) sigarar, og tre (3) uavgjort.

Etter fire og eit halvt (4,5) år som manager i LSK slutta Jan Åge etter 2008-sesongen. I denne perioden hadde Lillestrøm vore finalist i både Cupfinalen i 2005 og i Royale League-finala i 2006, men tapte begge. Ein positiv opptur for LSK, i ein elles svak sesong var noregsmeistertittelen i 2007. I Cupfinala 11. november 2007 kunne LSK lyfte Kongepokalen for fyrste gong på 27 år, etter å ha slått Haugesund 0-2. Fjørtoft er i dag programleiar i Viasat, der han leiar kanalen sine sendingar i Champions League, den engelske FA-cupen og Noreg sine bortelandskampar. I tillegg skal han leie sendingane i den nye Europa-ligaen. Jan Åge er òg strategisk konsulent for organisasjonar i firma i inn- og utland.

I løpet av karrieren scora han ei rekkje viktige mål (totalt 307 mål på 620 obligatoriske kampar), både på klubb- og landslag. Det viktigaste målet han scora, i fylgje seg sjølv, var det målet han scora i den siste serierunda i 1999. Eintracht Frankfurt slo Kaiserslautern 5-1, sneik seg framfor Nürnberg ved hjelp av målforskjellen og berga dermed plassen i Bundesliga.

På landslaget vert han nok mest huska for målet han scora borte mot Polen i 1993, då han brukte «Fjørtoft-finta» og gav Noreg leiinga 2-0. Med det målet hadde Noreg i realitetane kvalifisert seg til VM i fotball i 1994 for fyrste gong sidan 1938. Jan Åge vart, som andre utanlandske i Austerrike, kåra til årets spelar i 1990.

Klubb- og kampoversyn[endre | endre wikiteksten]

Klubb Kampar* Mål* Periode
Gursken ?? ?? ???? - 1982
Hødd 40 36 1984-1985
Hamarkameratene 44 17 1986-1987
Lillestrøm SK 33 20 1988-1989
Rapid Wien 128 67 1989-1993
Swindon 72 28 1993-1995
Middlesbrough 41 9 1995-1996
Sheffield United 34 19 1996-1998
Barnsley 34 9 1998-1999
Eintracht Frankfurt 51 14 1999-2001
Stabæk 15 6 2001
Lillestrøm SK 5 0 2002

* Berre seriekampar.