Jan Železný

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Železný (2012)

Jan Železný (fødd 16. juni 1966 i Mladá Boleslav) er ein tsjekkisk tidlegare spydkastar. Han har vunne tre OL-gull og tre VM-gull.

Mellom hans første internasjonale medalje, bronsen under VM i friidrett 1987 og bronsemedaljen frå EM i friidrett 2006, er det heile 19 år. I dette tidsrommet vann Železný tre OL-gull, i høvesvis Barcelona 1992, Atlanta 1996 og Sydney 2000, pluss tre VM-titlar (1993, 1995 og 2001). I tillegg kjem fleire andre- og tredjeplassar. I VM i 2003 kom han på 4. plass. Han har også verdsrekorden i spydkast på 98,48 m. Ingen andre har kasta over 95 m.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]

VM- og EM-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia