Jan Brueghel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiskemarknaden, 1603
Allegori over luktesansen, 1618
Bukett i ein leirvase, mellom 1599 og 1607

Jan Brueghel den eldre (156813. januar 1625) var ein nederlandsk målar, fødd i Brussel. Han måla blomar, landskap og Edens hage i emaljeliknande måleri, noko som gav han tilnamnet «Fløyels-Bruegel». Pieter Bruegel den eldre var far hans. Også sønene Jan Bruegel den yngre og Ambrosius Bruegel var målarar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bruegel var, etter først å ha vorte rettleia av mormora, miniatyrmålaren Marie Verhulst, elev av Peeter Goetkint den eldre i Antwerpen. Etter å ha vore i Italia i fem år, 1590-95, busette han seg i Antwerpen. Han laga ei stor mengde av sirleg måla landskapsbilete i lite format. Bileta var rikt utstyrt med mange menneskefigurar og dyr, ofte måla i ein blågrøn fargetone. Måleria veksla både mellom bibelske og mytologiske motiv, samt scener or det samtidige kvardagslivet. Han var også ein framifrå stilleben-målar, der han framom alt måla blomar i vasar.

Ved sida av si eiga produktive verksemd, samarbeidde Bruegel med andre målarar, mellom anna med sin nære ven Peter Paul Rubens. Til dømes måla han landskapet og blomsterkorga i Rubens sitt måleri Dei tre gratiene. Evnene hans som figurmålar gjorde at han bidrog med måling av staffasjefigurar på bileta til andre nære kjenningar i målarlauget. Til dømes måla Bruegel ofte figurar i Joos de Momper sine landskapsbilete. På andre sida måla Rubens, Hendrik van Balen og andre målarar av og til figurane i Bruegels eigne landskap.

Daniel Seghers var elev av Bruegel.

Jan Bruegel den eldre døydde i 1625 i Antwerpen i kolera, til liks med tre av borna hans.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Elvelandskap, 1607
  • Bønder på veg til marknaden, 1607
  • Landskap med bondegardar, 1609
  • Vase med blomar og insekt
  • Edens hage, ca 1620

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Brueghel