Jan Davidsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Davidsen

Jan Davidsen Raa (fødd 24. juli 1949) er frå 2005 leiar av arbeidstakarorganisasjonen Fagforbundet, det desidert største fagforbundet i Noreg med over 300 000 medlemmer.

Davidsen er utdanna brannmann, og har i tillegg arbeidd som renovatør. Han starta den fagpolitiske verksemda si i fagforeininga til brannmennene i Norsk Kommuneforbund i Bergen. Han har leidd Fagforbundet sidan det vart stifta i 2003, då LO-forbundet Norsk Kommuneforbund vart slått saman med det tidlegare YS-forbundet Norsk Helse- og Sosialforbund. Før dette leidde han òg Norsk Kommuneforbund i ei årrekkje (frå 1993). Som leiar har han mellom anna teke initiativ til å opprette organisasjonen For velferdsstaten og prosjekta «En verdig alderdom – en livsgaranti» og «Modellkommuneprosjektet».

Jan Davidsen har fast plass i LO-sekretariatet, og blir rekna som ein nær alliert av tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla. I tillegg til at han har sentrale verv i fagrørsla både nasjonalt – til dømes som medlem av LO-sekretariatet sidan 1990 – og internasjonalt. I tillegg sit Davidsen i sentralstyret i Arbeidarpartiet. Han har også hatt styreverv i Kommunal landspensjonkasse, og han har vore styremedlem i A-pressen sidan 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • «Den røde edderkoppen» av Bjørg Aftret på Dagbladet.no (21.11.2009).
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Davidsen, Jan» av Rolf Utgård i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).