Jan Dismas Zelenka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Dismas Zelenka
Fødd 16. oktober 1679, Louňovice pod Blaníkem, søraust for Praha i Böhmen
Død 23. desember 1745 (66 år), Dresden i Sachsen
Instrument bassgambe
Periode Barokken
Yrke Komponist
Minnetavle på staden for den siste bustaden til Zelenka i Dresden
Minnestein over Zelenka på den gamle katolske gravplassen i Dresden

Jan Dismas Zelenka (fødd 16. oktober 1679 i Louňovice pod Blaníkem i Böhmen, død 23. desember 1745 i Dresden) var ein bøhmisk barokk-komponist og bassgambist.[1]. Det kan sjå ut til at det ikkje finst overlevert noko portrett av Zelenka, og i bland kan ein sjå eit bilete av læremeisteren Johann Joseph Fux brukt i staden.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Zelenka var son av ein skolelærar og organist, meir veit ein ikkje sikkert om dei tidlege åra hans. Musikkutdanninga fekk han truleg ved Jesuittkollegiet Clementinum i Praha.

Zelenka var i teneste hos guvernøren til keisaren i Praha, baron Hartig. Rundt 1710 vart han tilsett som bassgambist ved det saksiske hoffet i Dresden. Han studerte kontrapunkt hos Johann Joseph Fux i Wien frå 1715. Mellom 1716 og 1719 var han i Italia der han truleg trefte Antonio Lotti og Alessandro Scarlatti. Bortsett frå ei ferd til Praha i 1723 for å delta i operaen til Fux Constanza e Fortezza ser det ut til at han budde i Dresden resten av livet sitt.

Zelenka var assistent for den gamle kapellmeisteren Johann David Heinichen, og tok gradvis over pliktene til kapellmeisteren etterkvart som helsa til Heinichen vart dårlegare. Då Heinichen døydde i 1729 søkte Zelenka på posten som kapellmeister, men likevel vart stillinga ståande ledig i over éitt år. Zelenka var ein langt meir kompetent komponist og orkesterleiar enn Heinichen, men vart tilslutt avete med tittelen Kirchen-Compositeur («kyrkjekomponist»)[2]. Han var for så vidt i godt selskap sidan han delte tittelen med Johann Sebastian Bach. Innbyggjarane i Sachsen var stort sett lutheranar, og Bach representerte dei, medan Zelenka representerte det katolske hoffet. Den prestisjefylte kapellmeisterposten vart gjeve til Johann Adolf Hasse, ein av dei store opera seria-komponistane på den tida – no grundig gløymt. I det heile ser det ikkje ut til at arbeidsgjevaren verdsette Zelenka; han måtte til dømes sjølv betale undervisinga hos Fux og han fekk trass søknad ikkje stipend for studiereisa til Italia.

Dei siste ti åra til Zelenka var prega av sjukdom, og han døydde i 1745, 66 år gammal. Han vart gravlagt på den gamle katolske gravplassen i Dresden. Grava er forsvunne, men i 1996 vart det reist ein minnestein over han på gravplassen.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Det meste av produksjonen til Zelenka er kyrkjemusikk, mellom dei tre oratorium, 21 messer og mange andre musikkstykke.

Musikken hans er ofte virtuos og vanskeleg å framføre. Spesielt gjeld dette stemmene for bassinstrument, som er mykje vanskelegare å spele enn det som var vanleg på tida til Zelenka - krava til oboisten i triosonatane er skildra som «utopisk»[3].

Som dei kjende landsmennene Bedřich Smetana og Antonín Dvořák tok Zelenka i bruk folketonar, han hadde ein rik tsjekkisk tradisjon å øse av. Av tsjekkiske komponistar før han kan nemnast Adam Václav Michna z Otradovic og Pavel Josef Vejvanovský. Zelenka føyer seg inn i ei rekkje bøhmiske musikarar som vart tilsett og fekk heider utanfor heimlandet, som Heinrich Ignaz Franz Biber, Andreas Hammerschmidt og Gottfried Finger.

Zelenka skreiv høgst originale og ukonvensjonelle verk, både instrumental- og vokalmusikk. I dei siste messene han skreiv for hoffet i Dresden kombinerer han dels arkaiske satsteknikkar med det mest moderne uttrykksmiddelet på si tid, og resultatet vert særs ekspressive verk med «visjonær kraft»[4].

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det vart lengje trudd at mange av Zelenas signerte manuskript vart øydelagt under bombinga av Dresden i februar 1945. Det viste seg likevel at manuskripta ikkje var oppbevart i den katolske katedralen slik ein trudde, men i biblioteket nord for Elben. Einskilde verk er tapt, men tapa har skjedd gradvis, og det dreier seg berre om ein liten del av den totale verklista hans.

Nyoppdaginga av Zelenka i Tsjekkia skuldast i stor grad musikkvitaren og fløytisten Milan Munclinger som i 1959 spelte inn ein av kammersonatane med ensemblet sitt Ars Rediviva. I 1964 følgde fleire triosonatar og orkesterverk, og i 1969 Lamentationes Jeremiae Prophetae.

Sidan midten av 1970-åra har idérikdomen og virtuositeten i musikken til Zelenka - som avvik mykje frå den vanlege stilen på 1700-talet - fått meir og meir merksemd. Den sveitsiske oboisten Heinz Holliger har gjennom innspelingar ein stor del av æra for at verka til Zelenka var oppdaga på ny, til dømes dei seks triosonatane i 1972 og orkesterverka i 1997. På grunn av slektskapen med J.S. Bach sine klangførestellingar, til dømes ein tett orkestersats, vert Zelenka i stigande grad rekna som motstykket til Bach.

Ein av dei viktigaste tolkarane av kyrkjemusikken til Zelenka er Marburger Bachchor, som fekk internasjonal heider gjennom mange uroppføringar av musikken til Zelenka, framfor alt Missa dei Patris, Missa votiva og fleire andre til dels eineståande komposisjonar. Ensemblet reiste saman med ulike orkester rundt i Europa og presenterte musikken til Zelenka på festivalar, og medverka i stort mon til at musikken hans har fått ei stadig større merksemd.

På same måte som J.S.Bach fekk renessansen sin på 1900-talet takka vere mellom anna komponistane på 1800-talet som Mendelssohn, Mahler og Brahms, kan Jan Dismas Zelenka vise seg å vere ei sovande stjerne frå barokken som vert hjelpt fram av entusiastar i vår tid.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Seks triosonatar (nr 1, 2, 4, 5, og 6 er for to oboar, fagott og basso continuo. I nr 3 erstattar ein fiolin den andre oboen; alle ZWV–181)
  • Andre instrumentalverk, ZWV 182–190
  • Lamentationes Jeremiae Prophetae (Profeten Jeremias sine klagar)
  • Die Responsorien zum Karfreitag (Responsoriar for langfredag)
  • Meir enn 20 messar (ZWV 1–21)—nokre er tapt—og ei rekkje messesatsar. Missa Purificationis, Missa Sanctissimae Trinitatis, Missa Votiva, Missa Dei Patris, Missa Dei Filii, og Missa Omnium Sanctorum (ZWV 16–21) høyrer blant dei beste komposisjonane til Zelenka.
  • Ti litaniar, mellom dei to Litaniae Lauretanae (ZWV 151 og 152)
  • Fire rekviem (berre ein av desse—ZWV 45—er utelukkande vorte tilskriven Zelenka)
  • 53 salmar, nokre er tapt
  • Sub olea pacis eit palma virtutis—Melodrama de St. Wenceslao (ZWV 175)
  • Gesù al Calvario, oratorio (ZWV 62)
  • I Penitenti al Sepolcro del Redentore, oratorium (ZWV 63)
  • Il serpente di bronzo, oratorio (ZWV 61)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bassgambe (eller violone) er gambefamilien sitt svar på kontrabass
  2. Wolfgang Horn, noter til CD'en Jan Dismas Zelenka: Missa Votiva, Marburger Bachchor og Hessisches Bach-Collegium, Wolfram Wehnert. Thorofon CTH 2172.
  3. Ifølge oboisten Heinz Holliger som spelte inn triosonatene i 1972
  4. Zelenka-eksperten Kohlhase