Jan Egeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Egeland i Pakistan i 2005.

Jan Laurits Egeland (fødd 12. september 1957 i Stavanger) er ein norsk Arbeidarparti-politikar og diplomat som arbeider for dei sameinte nasjonane. Han har òg vore generalsekretær for Raudekrossen i Noreg. No er han direktør ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), samstundes som han har ei stilling som spesialrådgjevar for for generalsekretæren i SN. I 2007 gav han ut sjølvbiografien Det nytter.

Egeland er kanskje best kjend for fredsarbeidet sitt og ei frittalande haldning i arbeid med humanitære katastrofar i krigsområde. Han er gift med tidlegare utviklingsminister Anne Kristin Sydnes og har to døtrer.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han tok cand.mag. i statsvitskap ved universitetet i Oslo i 1982 og magister-artium i 1985. Han byrja å arbeide for Raudekrossen som informasjonsleiar. Det var han frå 1988 til 1989, då han vart utanlandssjef. Denne jobben hadde han i eitt år.

Frå 1990 til 1992 var han politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet, og frå 1992 til 1997 var han statssekretær i same departement.

I 1997 byrja han å arbeide for Raudekrossen i Noreg att, denne gongen som spesialrådgjevar, ein jobb han hadde fram til 1999. Han har også vore rågjevar for International Peace Research Institute, Inter-American Development Bank og Henry Dunant-senteret i Genève.

Egeland byrja å jobbe for SN i 1999, då han vart spesialrådgjevar for Colombia. Dette var han fram til 2001. Etter eit kort opphald hjå Raudekrossen att, som generalsekretær, byrja han som visegeneralsekretær i SN og leiar for den sentrale humanitære samordningseininga (OCHA). Denne jobben hadde han frå 2003 til 2006.

I 2005 vart Egeland tildelt Peer Gynt-prisen. I 2007 vart han direktør for Norsk utanrikspolitisk institutt og spesialrådgjevar for for generalsekretæren i SN.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Det nytter (2007) – sjølvbiografisk og om perioden som visegeneralsekretær i OCHA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]