Jan Gossaert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Gossaert

Pseudonym Mabuse
Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 1478
Maubeuge
Død

1. oktober 1532 (54 år)
Antwerpen, Breda

Yrke kunstmålar
Språk fransk
Sjanger nordisk renessanse
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Jan Gossaert på Commons
Den heilage Lukas målar Jomfrua, ca. 1520-25

Jan Gossaert, ofte kalla Mabuse etter fødestaden Maubeuge, (cirka 14781. oktober 1532) var ein flamsk kunstmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjent om Gossaerts tidlege liv og utdanning. I dei eldste arbeida hans ser ein drag av tradisjonen etter Jan van Eyck og Hugo van der Goes. Han vart registrert som meister i målarlauget i Antwerpen i 1503, og arbeidde der i fem år.

År 1508 gjekk han i teneste hos Filip av Burgund og fylgde oppdragsgjevaren til Italia. Etter opphaldet der, reiste Filip i 1509 tilbake til Nederlanda og slo seg ned på borgslottet sitt i Zeeland. Tida 1509-17 arbeidde Gossaert i Middelburg med ulike oppdrag for Filip. Saman med Jacopo de Barberi planla han utvidinga av slottet og interiøret i dette. Han tok då i bruk arkitektoniske stildrag og positurar vanleg i italiensk kunst. Desse elementa brukte han saman med tradisjonelle flamske figurar. Dei einaste signerte verka frå denne perioden er Neptun og Amfitrite frå 1516 og Madonna frå året etter.

I 1517 vart Filip av Burgund biskop i Utrecht. Gossaert flytta med og stod for utsmykkinga av kontora til Filip på slottet Duurstede. Han måla i 1523 biletet Narren til den dansk-norske kongen, Kristian II. Då Filip døydde i 1524, forma Gossaert gravminnet hans.

Gossaert var ein framifrå portrettmålar. Han måla bilete av dronning Leonore og eit lite portrett av keisar Karl V. Elles måla han fleire fyrsteborn og personar i maktposisjonar.

Etter 1524 gjekk Gossaert i teneste hos markgreven av Veeren, ein bror av Filip av Burgund. I sine seinare leveåra sette alkoholisme stort preg på han.

Han døydde i Middelburg i 1532.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon