Jan Henrik Trøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Henrik Trøen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1963 (61 år)
Idrett skihopping

Jan Henrik Trøen (fødd 16. april 1963) er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Idrettslaget Trond fram til 1985, sidan av Sportsklubben Freidig. Han vann eit renn i Svenska skidspelen i 1982, og tok bronse i storbakkerennet under Ski-NM 1983.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Trøen deltok i verdscupen frå 1981 til 1988, med 37. plass i 1985/86 som beste samanlagtplassering. Hans beste plassering i enkeltrenn i verdscupen var femteplassen i Innsbruck 4. januar 1986. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han nummer 22 samanlagd i 1982/83. Han vann normalbakkerennet i Svenska Skidspelen i Falun i 1982 føre Ivar Mobekk, men det var ikkje eit verdscuprenn.

Trøen tok bronsemedalje i NM stor bakke i Balbergbakken i 1983. I ei tett og jamn tevling måtte han sjå seg slått av noregsmeisteren Per Bergerud og av Olav Hansson. I 1989 var han på Sør-Trøndelag sitt lag som vart noregsmeistrar i lagtevlinga i normalbakken i Vikersund. Han har den siste bakkerekorden i Gråkallbakken i Trondheim med 76,5 meter, sett i 1985.[1] Etter at han slutta som skihoppar har han mellom anna vore trenar i treningsgrupper som Trønderhopp og Kollenhopp, og han har vore med i det norske hopplandslaget sitt treningsteam.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: Nr 8 i Chamonix
  • 1982: Siger i normalbakken i Falun (ikkje verdscuprenn)
  • 1983: Nr 9 i Engelberg
  • 1986: Nr 5 i Innsbruck
  • 1988: Nr 8 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Byavisa: Fiskebein i 125 år Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine. (27. januar 2009)
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]