Jan Jan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Jan Jan»
Singel av Inga & Anush
Land Armenia
Språk Armensk og engelsk
Utgjeve 2009
Låtskrivar(ar) Mane Hakobyan, Vardan Zadoyan og Avet Barseghyan
«Jan Jan»
Eurovision Song Contest 2009
Land Armenia
Artist(ar) Inga Arshakyan og Anush Arshakyan
Alias Inga & Anush
Språk Armensk og engelsk
Komponist(ar) Mane Hakobyan
Låtskrivar(ar) Vardan Zadoyan og Avet Barseghyan
Resultat
Semifinalepoeng 99
Semifinaleplass 5
Finalepoeng 92
Finaleplass 10
Armenia i Eurovision Song Contest
«Qélé, Qélé»
(2008)
«Jan Jan» «Apricot Stone»
(2010)

«Jan Jan» (armensk for Min kjære, armensk «Ջան Ջան») var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2009, framførd på armensk og engelsk av Inga & Anush.

Eurovision Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer seks i den fyrste semifinalen, etter Sverige med «La voix» av Malena Ernman og før Andorra med «La teva decisió (Get a Life)» av Susanne Georgi.

Bidraget fekk tolv poeng frå Tsjekkia, ti poeng frå Belgia, Kviterussland, Tyrkia, Israel og Tyskland, åtte poeng frå Bulgaria og Romania, fem poeng frå Sverige og Storbritannia, fire poeng frå Montenegro, to poeng frå Island og Makedonia og eitt poeng frå Sveits, Finland og Bosnia-Hercegovina. Armenia fekk tilsaman 99 poeng og enda på femteplass av totalt 18 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen.

Songen starta som nummer ni i finalen, etter Hellas med «This Is Our Night» av Sákis Rouvás og før Russland med «Mamo» av Anastasiya Prikhodko.

Bidraget fekk tolv poeng frå Tsjekkia, åtte poeng frå Israel, sju poeng frå Romania og Belgia, seks poeng frå Frankrike, Tyrkia og Bulgaria, fem poeng frå Island, Russland og Nederland, fire poeng frå Portugal, Spania og Kypros, tre poeng frå Sverige og Slovakia, to poeng frå Ukraina og Polen og eitt poeng frå Finland, Kviterussland og Makedonia. Armenia fekk tilsaman 92 poeng og enda på tiandeplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 121 poeng og enda på åttandeplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 71 poeng og enda på 15. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]