Jan Ladislav Dussek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Ladislav Dussek

Gravert portrett av Dussek frå 1867
Fødd12. februar 1760
FødestadČáslav i Tsjekkia
Død20. mars 1812 (52 år)
DødsstadSaint-Germain-en-Laye i Frankrike
OpphavFrankrike
PeriodeKlassisismen
SjangerKammermusikk, klavermusikk
InstrumentPiano
Verka somKomponist og pianist
FarJohann Joseph Dussek
Gift medSophia Dussek
BornOlivia Buckley

Jan Ladislav Dussek (døypt Václav Jan Dusík,[1] etternamnet vert òg skriven Duschek eller Düssek; (fødd 12. februar 1760 i Čáslav, død 20. mars 1812 i Saint-Germain-en-Laye) var ein tsjekkisk komponist og pianist. Han var ein viktig representant for tsjekkisk musikk i utlandet på andre halvdel av 1700-talet og på byrjinga av 1800-talet. I nokre av pianoverka sine syner Dussek element av romantikken.[2]

Dussek var ein av dei første pianovirtuosane som reiste mykje gjennom Europa. Han spelte ved hoff og konserthus frå London til St. Petersburg og Milano og vart hylla for dei tekniske eigenskapane sine. I løpet av ein nesten ti år lang periode i London, var han medverkande i å gjere pianoforten større og fekk eit av dei første 6-fot (1,8 meter) store pianoa til John Broadwood.

Verken spelestilen eller komposisjonane hans hadde langvarig innverknad. Musikken hans var noko populær i Storbritannia på 1800-talet, men er i dag nesten så godt som ukjend.[3]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Jan Dussek (1738-1818), ein velkjend lokal musikar i Böhmen. Han studerte piano frå han var fem år gammal og byrja å spele orgel då han var ni. Han hadde òg ei god røyst, og song i gutekoret i ei kyrkje i Iglau (Jihlava). I 1778 var han eit semester på Universitetet i Praha.

Han hadde nesten alltid jobb som organist og spelte offentleg som pianist. Ein artillerioffiser, grev Männer, tok han med på ein konsertturne i Tyskland. I 1780 var han pianolærar for statthaldaren sine born i Haag. Han møtte Carl Philipp Emanuel Bach i Hamburg i 1782, som han kan ha studert under ei stund. Dussek reiste så austover og spelte for tsarina Katarina II i 1783. Han forlet raskt Russland etter rykte om at han var involvert i ei samansverjing mot tsarinaen og søkte tilflukt i Litauen som kapellmeister hos prins Karl Radziwill dei neste to åra.

Han turnerte så i Tyskland og Frankrike, og spelte glasharmonika og piano, og igjen gjorde han stort inntrykk med den virtuose spelestilen sin. I tillegg til at han hadde stor flyt og kraft i fingrane, kunne Dussek lage ein syngande, legatotone av det som i røynda er eit perkusjonsinstrument. Løyndomen var detaljert studie av dempepedalen på pianoet, som var hittil ukjend på den tida.[3] Han var den første pianisten som snudde pianoet, slik at han i staden for å sjå utover publikum, sat med høgresida si mot publikum. Pianodekselet kunne slik opnast ut mot publikum og lyden bar betre ut mot dei.[3]

Han spelte føre det franske hoffet, og spelte for Marie Antoinette. Då den franske revolusjonen braut ut, flykta Dussek til London, sidan han frykta at dei aristokratiske banda hans ville vere upopulære hos det nye regimet. Han var 11 år i London, der han vart hylla av Joseph Haydn. Han oppfordra den engelske pianomakaren Broadwood til å lage eit lengre piano, som var seks oktavar breitt. Han gifta seg med Sophia Corri, dotter til ein napolitansk dirigent. Ho var ei dyktig songarinne, pianist, harpespelar og spelte ofte i lag med mannen sin. Dei fekk eit barn, Olivia. Dussek og svigerfaren starta å gje ut musikk i lag, men firmaet gjekk så dårleg at Corri i 1799 vart kasta i fengsel, medan Dussek flykta landet og forlet både kone og born. [3]

Han tok opp att den europeiske konsertkarrieren sin og i oktober 1804 vart han utpeikt som kapellmeister av prins Ludvig Ferdinand av Preussen, som elska musikk så høgt at han tok musikarane sine med seg til slagmarka. Dussek skreiv den populære pianosonaten Elégie harmonique, Op. 61, etter at prinsen omkom i eit slag.

I september 1807 fekk Dussek ei stilling hos den franske ministeren Talleyrand og vart verande der til han døydde. Han var aktiv like fram til dei siste månadane av livet sitt, då han sengeliggande med gikt og andre lidingar, inkludert stort alkoholinntak og ekstrem fedme.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Černušák, s. 271
  2. Dusík (1984), p. xxiii
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Jan Ladislav DussekAllmusic av Joseph Stevenson. Henta 24. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]