Jan Massijs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lot og døtrene hans, 1565
Judit, ukjent år

Jan Massijs (også Massys, Matsys, Metsys) (15098. oktober 1575) i Antwerpen var ein flamsk målar under stilretninga manierismen. Også faren Quinten Massijs var ein kjend målar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Massijs vart sannsynlegvis lært opp av faren, og dreiv verkstaden vidare etter faren døydde i 1530. I 1532 vart han meister i målarlauget i Antwerpen. Deretter arbeidde han ei tid på slottet Fontainebleau i Frankrike. I 1536 var han tilbake i Antwerpen, og tok Frans van Tuylt til lærling. Han gifta seg i 1538, og ein veit han hadde Frans de Witte i lære i 1543.

År 1544 vart Massijs landsforvist for kjetterske, protestantiske oppfatningar, og kunne ikkje vende tilbake før enn i 1558. Dei fjorten åra heldt han til i Frankrike og Italia, der han vart påverka av manierismen. Han nådde Genova i 1550, der han vart hoffmålar til Andrea Doria, admiralen og dogen som rådde over bystaten. I seks år var han Massijs hoffmålar i Genova.

Massijs kunne i 1558 vende tilbake til Antwerpen, og budde og arbeidde der til han døydde i 1575.

Massijs laga i hovudsak mytologiske verk med ein noko kjøligare koloritt enn det far hans gjorde. Elles måla han ein del religiøse motiv og sjangerbilete. Lot og døtrene hans frå 1565 er hans mest kjende verk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan Massijs

Kjelder[endre | endre wikiteksten]