Jan Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Steen

Sjølvportrett, 1670
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 1626
Leiden
Død

3. februar 1679 (52 år)
Leiden

Yrke kunstmålar, biletkunstnar, bygningstegner
Sjanger sjangermåleri, historiemåleri, landskapsmåleri, portrett, sjølvportrett
Medlem av Haarlem Guild of St. Luke
Ektefelle Grietje Van Goyen
Jan Steen på Commons

Jan Havickszoon Steen (ca 16261679) var ein nederlandsk sjangermålar frå Leiden. Bileta hans er prega av psykologisk innsikt, humoristisk sans og rik bruk av fargar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Cembalotimen', ca. 1663
'Dåpsfesten', 1664

Steen var fødd i Leiden som son til ein bryggar. I 1646 byrja han studere ved universitetet i heimbyen, men slutta snart med studiane og byrja måle på heiltid. Læremeistrane hans var tyskaren Nic Knupfer og seinare landskapsmålaren Jan van Goyen, med vars dotter Margareta han gifta seg. Ingen av dei to lærarane hadde større innverknad på han, bortsett frå det målingstekniske. I ungdomsverka hans kan ein kan hende spore påverknad frå Jan Molenaer.

År 1649 flytta Steen til Haag, der han budde til 1654. Han flytta då til Delft, der han leigde eit bryggeri. I tida 1661-69 arbeidde han i Haarlem, men fór sidan til fødebyen Leiden der han budde livet ut. Samtidige dokument viser at han hadde dårleg økonomi, trass i at han var ein flittig og flink målar. Han hadde derfor yrke som bryggar og vertshusvert i tillegg til målinga.

Steen måla bibelske, mytologiske og allegoriske emne, men overført til samtidige, lokale omgjevnader. Av og til måla han også landskap, kyrkjeinteriør, byprospekt og stilleben. Framom alt var han ein sjangermålar og skildra med brei humor og skarp observasjonsevne si tids skikkar og uskikk, det nederlandske folkelivet i sine ulike fasar; den rike borgaren såvel som bonden og tiggaren, scener frå skulen, verkstaden, kjøkkenet, salongen, dåp- og bryllaupsfestar, bilete frå kroa, mellom svirebrør og kortspelarar, i broderleg semje eller bråk dei i mellom, anstendige musikkframføringar i heimen eller mindre anstendige på vertshuset, ved klingande glas og mellom fale servitriser; det vil seie eit ganske omfattande program som han varierte heile tida.

Steens verk er av ujamn kvalitet. Samstundes med utsøkte, noggrant måla måleri med opp til eit trettitals figurar, så livfullt avbilda at dei verkar som portrett, med varmtona lysdunkel (chiaroscuro) og gjerne varme, gule eller raude fargar i kostyma, med ein fargeprakt forsterka av refleksar frå messingkar og forgylte spegelrammer, måla han gjennom all si verksemd klumpete og rå dusinmåleri i grimme fargar.

I dei beste måleria framstår han som den største nederlandske karakterskildraren og humoristen som, ofte på grensa for det passande, med eit sorglaust smil blottar bresten i modellen, på same gong både ein William Hogarth og ein Carl Michael Bellman.

Steen vart gravlagd i heimbyen Leiden den 3. februar 1679.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jan Steen